Film: Trygge og gode overgangar

Ein trygg og god overgang frå barnehage til skole og SFO er viktig.

SFO har ei unik moglegheit når det gjeld denne overgangen, sidan dei fleste barn byrjar på SFO før dei byrjar på skolen. På den måten kan SFO gjera barna og foreldra kjende med det fysiske miljøet, dei andre barna og personalet før skolestart.

Refleksjonsspørsmål

  • Korleis møte vi barna og foreldra deira når dei byrjar på SFO?
  • Korleis sikrar vi at alle barn får ein god start?
  • Kva veit vi om barna før dei byrjar? Har alle gått i barnehage? Kjenner alle nokon andre barn frå før?
  • Kva gjer vi for at barna skal finna seg til rette? 
  • Kva med dei barna som kanskje treng ekstra støtte?
  • Korleis er samanhengen mellom skolen og SFO?
Les meir om overgangen frå barnehage til SFO