Film: Vaksne skaper vennskap
Vennskap og det å ha nokon å leika med har mykje å seia for opplevinga til barna av tryggleik og trivsel.
Ifølgje rammeplanen skal SFO framme inkludering og bidra til at alle barn har høve til å utvikla vennskap. Gjennom leik og aktivitetar kan SFO leggja til rette for at barna kan byggja relasjonar, også på tvers av ulike grupper.
Refleksjonsspørsmål
- Korleis jobbar vi for at barna skal oppleva og utvikla vennskap?
- Korleis legg vi til rette for leik og aktivitetar som kan stimulera til vennskap og relasjonar mellom barna?
- Korleis veit vi om alle barna er inkluderte i fellesskapen og opplever tilhøyrsel i vår SFO?