Lærekandidat

Lærekandidat er ei ordning for dei som ynskjer vidaregåande opplæring i bedrift, men som ikkje har føresetnader for å nå krava til fag- og sveineprøva.

Desse kandidatane får individuelt tilpassa opplæring i utvalde delar av læreplanen. Lærekandidat er ein grunnkompetanse, som kan byggast vidare til yrkeskompetanse. Grunnkompetansen skal rette seg mot eit reelt behov i arbeidslivet og gi grunnlag for varig arbeid. Ordninga gjeld både for ungdom og vaksne. Opplæringa vert avslutta ved at lærekandidaten går opp til ei kompetanseprøve.

Fagopplæringskontora i fylka hjelper bedrifter og elevar med spørsmål om opplæring i bedrift.

Evaluering av lærekandidatordninga