Kunst og handverk (KHV01‑02)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter 4. trinn

  • bruke handverktøy og samanføyingsteknikkar i tre, leire og tekstil på ein miljømedviten og trygg måte
  • prøve ut ulike idear og moglegheiter i gjenbruksmateriale og formidle til andre korleis ein i eigen kvardag kan bidra til å ta vare på natur og miljø
  • gjennomføre kunst- og designprosessar ved å søkje inspirasjon, utforske moglegheiter, gjere val og lage eigne produkt
  • undersøkje korleis tradisjonshandverk, inkludert samisk handverk, utnyttar eigenskapar i naturmateriale, og bruke erfaringar til å lage enkle bruksgjenstandar
  • samtale om bruk, funksjon og materialval i ulike bygningar og lage skisser med forslag til ny arkitektur
  • tolke former og symbol frå ulike kulturar og bruke desse i visuelle uttrykk
  • teikne form og djupn ved bruk av verkemiddel som overlapping og forminsking
  • bruke enkle komposisjonsprinsipp i fotografi og digitale verktøy
  • utforske mangfald i motiv og visuelle uttrykk i kunst frå ulike verdsdelar og lage ein digital presentasjon
  • formidle og vise fram eige arbeid gjennom utstilling

Undervegsvurdering