Kunst og handverk (KHV01‑02)
Kjerneelement
Handverksferdigheiter
Kjerneelementet handverksferdigheiter inneber at elevane skal utvikle handlag, praktiske ferdigheiter og uthald ved å bruke ulike reiskapar og materiale. Elevane skal utvikle forståing for eigenskapar, funksjonalitet og uttrykk til materiale gjennom eige skapande arbeid. Dei skal bruke harde, plastiske og mjuke materiale og digitale verktøy på ein etisk, miljømedviten og trygg måte gjennom heile skuleløpet.
Kunst- og designprosessar
Kjerneelementet kunst- og designprosessar inneber at elevane skal utvikle nysgjerrigheit, kreativitet, mot, skaparglede, uthald og evne til å løyse problem. Kjerneelementet legg vekt på både opne og utforskande prosessar, og stegvise prosessar med utvikling og innovasjon som mål.
Visuell kommunikasjon
Kjerneelementet visuell kommunikasjon inneber at elevane skal kunne lese, forstå og bruke det visuelle språket. Utvikling av teikneferdigheiter er her heilt grunnleggjande for å kunne kommunisere idear, erfaringar, bodskapar og samanhengar. Elevane skal bruke visuelle verkemiddel medvite og eksperimenterande i todimensjonale, tredimensjonale og digitale uttrykk.
Kulturforståing
Kjerneelementet kulturforståing inneber at elevane skal utforske samtidig visuell kultur og kulturarv frå ulike verdsdelar som kjelde til opplevingar og inspirasjon til eigen skapande praksis. Elevane skal møte døme på og reflektere over korleis kunst, handverk og design speglar og er med på å forme kultur, samfunnsutvikling og identiteten til folk. Kunnskap om visuell og materiell kultur gir grunnlag for å ta medvitne val som forbrukar og medborgar og i eige skapande arbeid.