Musikk (MUS01‑02)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter 2. trinn
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- utøve eit repertoar av songleikar, songar og dansar henta frå den nære musikkulturen til elevane og frå kulturarven
- utforske og eksperimentere med puls, rytme, tempo, klang, melodi, dynamikk, harmoni og form i dans, med stemmen og i spel på instrument
- leike med grunnelementa i musikken gjennom lyd og stemme, lage mønster og setje saman mønstra til enkle improvisasjonar og komposisjonar, òg med digitale verktøy
- formidle opplevingar av ulike musikalske uttrykk gjennom samtale og kunstnarlege uttrykksformer
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Elevane viser og utviklar kompetanse i musikk på 1. og 2. trinn når dei deltek i og utøver songleikar, syng, dansar og speler på instrument, når dei lagar musikk, eksperimenterer med og beskriv musikalske uttrykk og når dei lyttar, lever seg inn i og formidlar musikkopplevingar.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst ved at elevane får lytte, leike, undre seg og bruke sansane sine på måtar som utviklar fagforståinga til elevane, gir dei moglegheit til å uttrykkje seg og bidreg til meistringskjensle. Læraren og elevane skal vere i dialog om utviklinga til elevane i musikk. Elevane skal få moglegheit til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få moglegheit til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og kva dei får til betre enn tidlegare. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i faget.