Musikk (MUS01‑02)
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i musikkfaget er å kunne bruke stemmen variert i song og andre vokale uttrykk til å improvisere, gi att og formidle musikalsk stoff. Munnlege ferdigheiter vil òg seie å kunne setje ord på og diskutere eigne skapande prosessar og å kunne reflektere over musikalske erfaringar og opplevingar. Utviklinga av munnlege ferdigheiter i musikk går frå å kunne formidle enkelt musikalsk stoff til å kunne formidle meir komplekse musikalske uttrykk, og frå å kunne fortelje om eigne opplevingar og bruk av enkle verkemiddel til å kunne beskrive meir komplekse musikkfaglege emne, estetiske opplevingar, musikalske verkemiddel og funksjonane til musikken meir inngåande.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i musikk er å ta i bruk ulike former for analog og digital notasjon som gir støtte til å utøve, lage og oppleve musikk og støtte til å dokumentere prosessar og resultat. I dette inngår grafisk notasjon, notar eller besifring. Utviklinga i å kunne skrive i musikk går frå bli kjend med og kunne bruke enkle notasjonsteknikkar til å kunne bruke ulike former for notasjon og skriftspråk til å utforske, dokumentere og formidle musikalske idear.
Å kunne lese
Å kunne lese i musikk er å tolke og forstå ulike musikalske tekstar, både nedskrivne musikalske teikn og symbol og tekstar som er sette saman av fleire modalitetar, digitalt og i sceniske framføringar. Utviklinga i å kunne lese i musikk går frå å kunne kjenne att, samtale om og bruke enkle teikn og symbol til å kunne nyttiggjere seg ulike notasjonsformer i musikalsk samhandling og å kunne forstå og reflektere over bruk av musikk, dans og tilhøyrande verkemiddel i stadig meir komplekse uttrykk.
Å kunne rekne
Å kunne rekne i musikk er å forstå og bruke grunnelementa i musikken, som puls, takt, rytmar, tonehøgd, tekstur og form. Det inneber å utforske og eksperimentere med mønster og strukturar, og å gjere berekningar av tid og rom når musikk og dans blir utspelte. Utviklinga i å kunne rekne i musikk går frå å kunne lage, utøve og beskrive enkle mønster og strukturar, og gjere enkle berekningar av tid og rom, til ei djupare kroppsleg og kognitiv forståing av presisjon og kompleksitet knytt til grunnelementa i musikken, mønster og strukturar, tid og rom.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i musikk er å kunne bruke musikkteknologi til å utøve, lage og oppleve musikk. Dette inneber å bruke digitale verktøy kreativt til å gjere opptak, tilarbeide og manipulere lyd og bruke programmering i skapande arbeid. Digitale ferdigheiter er òg å utøve digital dømmekraft. Det inneber å følgje reglar for opphavsrett i møte med eigen og andre sin musikk og utvise nettetikk i samhandling med andre. Utviklinga av digitale ferdigheiter i musikk går frå å bruke enkle digitale verktøy til å forme musikalske arbeid, til å bruke digitale verktøy og teknologi strategisk og variert for å oppnå formålstenlege og kreative musikalske uttrykk. Det går òg frå å kunne utøve personvern og nettetikk i enkeltståande situasjonar til å kunne vise god dømmekraft og bidra til ansvarleg samhandling i musikalske fellesskap.