Musikk (MUS01‑02)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter 10. trinn

  • utøve eit variert repertoar av musikk, song, andre vokale uttrykk og dans
  • reflektere over korleis musikalske tradisjonar, inkludert samiske musikktradisjonar, blir bevarte og fornya
  • samarbeide med andre om å planleggje og gjennomføre øvingsprosessar kor det inngår sjølvvald song, andre vokale uttrykk, spel på instrument eller dans, og formidle resultatet i gruppe eller individuelt
  • skape og programmere musikalske forløp ved å eksperimentere med lyd frå ulike kjelder
  • utforske og formidle musikalske opplevingar og erfaringar, og reflektere over bruk av musikalske verkemiddel
  • lytte og prøve ut ulike uttrykk og grunngi val i skapande prosessar frå idé til ferdig resultat
  • bruke gehør og notasjonsteknikkar som støtte i skapande arbeid
  • bruke relevante fagomgrep i skapande arbeid og i refleksjon over prosessar og resultat
  • utforske og reflektere over korleis musikk, song og dans som estetiske uttrykk er påverka av og uttrykk for historiske og samfunnsmessige forhold, og skape musikalske uttrykk som tek opp utfordringar i samtida
  • utforske og drøfte kva betydning musikken og dansen har i samfunnet, og etiske problemstillingar knytte til musikalske ytringar og musikkulturar

Undervegsvurdering

Standpunktvurdering