Vg2 industriteknologi (PIN02‑03)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter vedlikehald
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- bruke og reflektere over helse-, miljø- og sikkerheitskrav i rutinar for vedlikehald
- utarbeide og følgje sikker jobb-analysar ved farlege operasjonar i samsvar med gjeldande forskrifter
- halde ved like, feilsøkje og reparere maskiner og utstyr etter spesifikasjonar i samhandling med andre
- velje og bruke rett verktøy og utstyr til vedlikehald og reparasjonar
- arbeide på elektriske og automatiserte system ved reparasjons- og vedlikehaldsarbeid etter instruksar og gjeldande forskrifter
- beskrive korleis ein bruker blanda verkelegheit i samband med vedlikehald av maskiner og utstyr, og gjere greie for korleis denne teknologien kan betre kvaliteten, effektiviteten og sikkerheita
- gjennomføre førebyggjande vedlikehald og sørgje for maskinsikkerheit etter ein vedlikehaldsplan
- beskrive og reflektere over korleis kostnader, drift og vedlikehald heng saman med berekraftig utvikling
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse. Elevane viser og utviklar kompetanse i vedlikehald når dei bruker kunnskapar, ferdigheiter og kritisk tenking til å løyse arbeidsoppgåver i programfaget.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom varierte arbeidsoppgåver. Læraren kan gi arbeidsoppgåver som dekkjer begge programfaga. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i vedlikehald. Elevane skal få høve til å uttrykkje kva dei opplever at dei meistrar, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i programfaget.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i vedlikehald ved avslutninga av opplæringa i programfaget. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at eleven får vist kompetansen sin i programfaget på varierte måtar. Med utgangspunkt i kompetansemåla skal læraren vurdere korleis eleven viser forståing, evne til refleksjon og kritisk tenking, og korleis eleven meistrar utfordringar og løyser oppgåver i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i vedlikehald basert på kompetansen eleven viser ved å planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere eige fagleg arbeid.