Vg2 industriteknologi (PIN02‑03)
Tverrfaglege tema
Berekraftig utvikling
I vg2 industriteknologi handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om betydninga av teknologi og industrielle prosessar i eit effektivt og berekraftig samfunn. Det tverrfaglege temaet skal bidra til kunnskap om korleis miljøvennlege materiale kan brukast i innovativ og kvalitetsretta produksjon. Vidare skal det bidra til å vise fram nytta av å utnytte avgrensa ressursar på ein berekraftig måte, og gi kunnskapar om korleis ulike typar materiale blir brukte berekraftig i ulike prosessar og produksjonsmetodar.