Vg2 industriteknologi (PIN02‑03)
Grunnleggjande ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter
Munnlege ferdigheiter i vg2 industriteknologi inneber å kommunisere, beskrive, forklare og dokumentere ulike arbeidsoppgåver. Det inneber å forstå uttrykksmåtar og fremje eigne synspunkt og drøfte problemstillingar. Vidare inneber det å bruke eit presist språk for å gjere seg forstått og unngå feil og misforståingar. Munnlege ferdigheiter inneber også å bruke fagspråk i drøfting og refleksjon over faglege emne og tilpasse munnleg tekst til mottakar og formål.
Å kunne skrive
Å kunne skrive i vg2 industriteknologi inneber å planleggje, dokumentere, utforme og omarbeide tekstar og ta notat. Det inneber også å bruke eit presist og tydeleg språk, inkludert figurar og symbol som er aktuelle for faget. Å kunne skrive inneber å bruke fagspråk til å utforme tekstar tilpassa mottakar og formål. Det inneber også å utforske og reflektere over faglege emne og problemstillingar.
Å kunne lese
Å kunne lese i vg2 industriteknologi inneber å lese og forstå lovverk og arbeidsbeskrivingar, prosedyrar, handbøker og forskrifter. Det inneber også å kunne setje seg inn i nødvendig informasjon for å delta aktivt i skule- og arbeidsmiljøet. Lesing inneber å finne og vurdere eksplisitt og implisitt informasjon i tekstar om kjende og ukjende emne og å bruke kjelder på ein kritisk måte som lar seg etterprøve.
Å kunne rekne
Å kunne rekne i vg2 industriteknologi inneber å kunne stille inn og korrigere utstyr og maskiner i tillegg til å utføre berekningar og bruke tekniske tabellar som er relevante for faget og tilhøyrande bransjar. Rekneferdigheiter inngår også i økonomistyring knytt til materialval, utstyrsval, forbruk og tidsbruk.
Digitale ferdigheiter
Digitale ferdigheiter i vg2 industriteknologi inneber å bruke digitale ressursar i kommunikasjon, planlegging, produksjon og dokumentasjon av arbeidsoppdrag. Vidare inneber det å bruke digitale løysingar i feilsøking og bruk av maskiner, verktøy og utstyr. Digitale ferdigheiter inneber også å halde seg oppdatert på teknologisk utvikling og å vise digital dømmekraft.