KRLE (RLE01‑03)
Kompetansemål og vurdering
Kompetansemål etter 10. trinn
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
- utforske og presentere sentrale trekk ved kristendom og andre religions- og livssynstradisjonar og gjere greie for utbreiinga deira i dag
- utforske og drøfte korleis kristendom og andre religionar inngår i historiske endringsprosessar globalt og nasjonalt
- undersøkje og presentere sentrale idear frå livssynshumanisme og andre ikkje-religiøse livssyn
- utforske og presentere religiøst mangfald og religiøse praksisar utanfor etablerte religionssamfunn
- gjere greie for og reflektere over religions- og livssynstradisjonane til samane og andre urfolk
- bruke og drøfte fagomgrep om religionar og livssyn
- samanlikne og vurdere kritisk ulike kjelder til kunnskap om religionar og livssyn
- gjere greie for og reflektere over ulike syn på kjønn og seksualitet i kristendom og andre religionar og livssyn
- utforske og presentere korleis element frå kristendom og andre religionar og livssyn kjem til uttrykk i medium og populærkultur
- utforske og samanlikne etiske idear frå sentrale skikkelsar i religiøse og livssynsbaserte tradisjonar
- utforske etiske idear frå sentrale skikkelsar i filosofihistoria og anvende ideane til å drøfte aktuelle etiske spørsmål
- utforske perspektiva til andre og handtere usemje og meiningsbryting
- reflektere over eksistensielle spørsmål knytte til det å vakse opp og leve i eit mangfaldig og globalt samfunn
- identifisere og drøfte etiske problemstillingar knytte til ulike former for kommunikasjon
- identifisere og drøfte aktuelle etiske problemstillingar knytte til menneskerettar, berekraft og fattigdom
Undervegsvurdering
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Elevane viser og utviklar kompetanse i KRLE på 8., 9. og 10. trinn når dei undersøkjer og forstår religionar og livssyn og reflekterer over eksistensielle og etiske spørsmål. Elevane viser og utviklar òg kompetanse når dei anvender kunnskapar om religionar, livssyn og etikk i kjende og ukjende samanhengar. Vidare viser og utviklar dei kompetanse når dei bruker kjelder på ein kritisk måte, gjer greie for ulike standpunkt og reflekterer over spørsmål som det er stor usemje om. Til sist viser og utviklar dei kompetanse når dei bruker og drøftar faglege omgrep.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom munnlege, skriftlege, praktiske og digitale måtar å arbeide med KRLE-faget på. Læraren og elevane skal vere i dialog om utviklinga til elevane i KRLE. Elevane skal få moglegheit til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få moglegheit til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og reflektere over eiga fagleg utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kunnskap om kristendom, andre religionar, livssyn, etikk og filosofi.
Standpunktvurdering
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i KRLE ved avslutninga av opplæringa etter 10.trinn. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at elevane får vist kompetansen sin på varierte måtar som inkluderer refleksjon og kritisk tenking, i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i KRLE basert på kompetansen eleven har vist når eleven har brukt kunnskapar og ferdigheiter i kombinasjon.