Samfunnsfag FOV (SAF03‑01)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter modul 2

  • forstå og bruke informasjon frå tilrettelagde og enkle autentiske kjelder som er relevante for faget
  • samtale om betydninga av nettvett og personvern
  • bruke fysiske og digitale kart som verktøy i kvardagen
  • beskrive på ein enkel måte korleis Noreg blir styrt
  • samtale med støtte om betydninga av ytringsfridom, likestilling og andre menneskerettar
  • samtale med støtte om fordommar, diskriminering og rasisme
  • forklare omgrepet urfolk på ein enkel måte og fortelje med støtte om samane som urfolk i Noreg
  • samtale med støtte om erfaringar med skrivne og uskrivne reglar som regulerer forhold mellom menneske
  • samtale med støtte om val og handlingar som kan bidra til eit berekraftig samfunn
  • reflektere over, med utgangspunkt i eigne eller andre sine erfaringar, kvar og kvifor menneske flyttar og flyktar
  • samtale om korleis eigen formell og uformell kompetanse kan brukast i arbeidslivet, og utforske framgangsmåtar for å få arbeid
  • gi døme på sentrale plikter og rettar i utdannings- og arbeidslivet
  • samtale om temaa kjønn og kjønnsroller
  • samtale med støtte om negativ sosial kontroll og juridiske og personlege konsekvensar av dette
  • utforske lokale kulturminne og samanlikne med andre kulturminne deltakaren kjenner til
  • skrive og fortelje om eigne erfaringar frå samfunns- og arbeidsliv

Undervegsvurdering