Samfunnsfag FOV (SAF03‑01)
Kjerneelement
Utforsking og kritisk tenking
Deltakarane skal utforske og reflektere over korleis kunnskap om samfunn og historiske hendingar blir til, og vurdere om kjelder er pålitelege og relevante. Dei skal få styrkt føresetnadene sine for å kunne aktivt søkje, vurdere og formidle informasjon, åleine og saman med andre, i og utanfor opplæringa. Med utgangspunkt i eigne språklege ressursar, erfaringar og kompetansar skal deltakarane utforske samanhengar mellom geografiske, historiske og notidige forhold og korleis desse saman og kvar for seg påverkar menneske, samfunn og natur. Kunnskap om historiske hendingar og utviklingstrekk i samfunnet skal stimulere til refleksjon over kvifor menneske gjer ulike val.
Demokrati, makt og medborgarskap
Deltakarane skal utvikle kompetanse for aktiv deltaking på ulike arenaer lokalt og nasjonalt, inkludert deltaking i frivillige organisasjonar. Dette inneber innsikt i at borgarar i eit demokrati har rettar, plikter og moglegheiter. Deltakarane skal tileigne seg kunnskap om sentrale sider ved demokratiske samfunn, som maktfordeling, ytringsfridom, retten til eit fritt liv, rettssikkerheit og likestilling. I tillegg skal deltakarane diskutere korleis makt påverkar ulike forhold i samfunnet. Deltakarane skal, med utgangspunkt i eigne språklege ressursar, erfaringar og kompetansar, utforske forskjellar mellom land når det gjeld styresett og varetaking av menneskerettar. Dei skal utforske dette frå ulike perspektiv, frå det lokalet til det globale, i urfolksperspektiv og i nasjonalt minoritetsperspektiv. Deltakarane skal òg reflektere over korleis konfliktar har oppstått og blitt handterte før og no.
Berekraftige samfunn
Deltakarane skal få innsikt i og reflektere over samanhengar mellom dei økonomiske, miljømessige og sosiale dimensjonane ved berekraftig utvikling, og korleis endringar har påverka desse tre dimensjonane. Det inneber å få innsikt i korleis politiske val og teknologisk utvikling har påverka samfunnet før og no. Med utgangspunkt i eigne erfaringar skal deltakarane få innsikt i korleis geografiske, historiske og notidige forhold har lagt vilkår for korleis menneske har dekt behova sine og fordelt ressursar. Deltakarane skal få kompetanse i korleis ressursbruken til menneskja har globale konsekvensar, og korleis dette fører til klimaendringar og migrasjon.
Utdanning og arbeidsliv
Deltakarane skal få innsikt i korleis den norske arbeidslivsmodellen fungerer, og reflektere over samanhengen mellom utdanningssystemet, arbeidslivet og den moderne velferdsstaten. Deltakarane skal, med utgangspunkt i språklege ressursar, eigne erfaringar og kompetansar, utforske dei ulike fellesskapane vi er ein del av i utdanning og arbeidsliv. Utforsking av eigne plikter, rettar og moglegheiter i utdanning og arbeidsliv står sentralt. Deltakarane skal òg lære om korleis endringar og ny teknologi påverkar arbeidslivet.
Språklæring i samfunnsfag
Deltakarane skal utvikle språket og strategiane dei treng for å kommunisere, lære og nytte samfunnsfag på ulike arenaer, med ulike formål og i eit livslangt perspektiv. Deltakarane utviklar denne kompetansen gjennom å reflektere over og systematisere erfaringar dei gjer seg med det norske språket i og utanfor opplæringa. Dei skal få erfare at språkleg utforsking og utprøving blir verdsett, og at det å kunne kommunisere og gjere seg forstått i faget er viktigare enn formelt korrekt språk.
Å utvikle språket i samfunnsfag inneber at deltakarane gradvis tileignar seg innsikt i og kunnskap om førfaglege og relevante samfunnsfaglege ord og omgrep. Dei språklege erfaringane og kompetansane til deltakarane er ein viktig ressurs i denne prosessen. Deltakarane skal mellom anna forklare og diskutere ei sak, vege ulike sider av saka mot kvarandre, ta stilling til saka og grunngi standpunktet dei tek. Dei skal òg kunne reflektere over, presentere og vurdere ulike problemstillingar. Dei skal utvikle eit enkelt og grunnleggjande samfunnsfagleg omgrepsapparat i dei lågare modulane, og eit meir avanserte og formålstenleg fagspråk i høgare modular. I dei lågare modulane vil utviklinga av munnlege ferdigheiter på norsk stå sentralt. I dei høgare modulane vil deltakarane utvikle både skriftlege og munnlege ferdigheiter. Omgreps- og språkutviklinga i faget skal leggje eit grunnlag for deltaking i opplæring, arbeidsliv og samfunnsliv.