Samfunnsfag FOV (SAF03‑01)
Kompetansemål og vurdering

Eksempel på samanhengar

Forklaring

Kompetansemål etter modul 4

  • bruke ulike metodar for å finne informasjon, diskutere formålet med kjeldene og relevans og reflektere over korleis algoritmar på internett, falske nyheiter og einsidige kjelder kan prege forståinga vår
  • gjere greie for årsaker til og verknader av sentrale historiske og notidige konfliktar og hendingar og gi døme på korleis ein konflikt kan beskrivast avhengig av ideologisk ståstad
  • presentere hovudtrekk ved det politiske systemet og velferdssamfunnet i Noreg og samanlikne styresett frå ulike delar av verda
  • gi døme på internasjonale avtalar og reflektere over korleis dei påverkar rettane og pliktene menneske har
  • diskutere årsaker til og konsekvensar av radikalisering, terror og folkemord, inkludert holocaust, og reflektere over korleis dette kan førebyggjast
  • reflektere over kva tiltak som er nødvendige for å skape berekraftige samfunn, og diskutere kva konfliktar som kan oppstå
  • utforske korleis utdanning, arbeid og forbruk kan påverke levestandard og livskvalitet
  • reflektere over kvifor det finst rike og fattige land, i eit historisk og geografisk perspektiv, samanlikne forskjellar i levekår og beskrive nokre faktorar som påverkar levekår
  • kjenne til den samiske historia og rettar i Noreg og reflektere over korleis urfolk og nasjonale minoritetar påverkar og blir påverka av samfunnsutviklinga
  • beskrive hovudtrekk ved norsk økonomi og korleis ho blir påverka av økonomiske forhold i resten av verda
  • beskrive nokre sentrale reguleringar i arbeidslivet, reflektere over betydninga av dei og gi døme på korleis fagforeiningane har bidrege og bidreg i det demokratiske Noreg
  • presentere viktige omveltingar i arbeidslivet og reflektere over korleis innføring av ny teknologi påverkar arbeidslivet
  • samtale om likskapar og ulikskapar i identitetar, levesett og kulturuttrykk og reflektere over moglegheiter og utfordringar med mangfald
  • skrive tekstar med samfunnsfaglege skildringar og forklaringar, og drøfte eigne og andre sine tekstar under rettleiing

Undervegsvurdering

Standpunktvurdering