Ny, utsett og særskild eksamen
Her finn du informasjon om eksamensform, tidspunkt for avlegging og føring av dokumentasjon.
Ny eksamen
Elevar i vidaregåande opplæring som får karakteren 1 ved ordinær eksamen har rett til ein ny eksamen i faget ved første etterfølgjande eksamen.
Eleven skal då ta eksamen i den same fagkoden.
Utsett eksamen
Elevar eller privatistar i vidaregåande opplæring som har dokumentert fråvær ved eksamen (ordinær eksamen, særskild eksamen, ny eksamen eller utsett eksamen) har rett til å ta første etterfølgjande eksamen.
Trekket til utsett eksamen skal ikkje gjerast på nytt fordi elevane også har rett til meir opplæring i faget etter § 5-2 første ledd. Dette gjeld uavhengig av om elevane vel å få meir opplæring samtidig som dei er meldt opp til utsett eksamen.
For hausten 2024 skal trekket til utsett eksamen likevel gjerast på nytt.
Særskild eksamen
Elevar i vidaregåande opplæring som har fått karakteren 1 i standpunktkarakter og ikkje blir trekt ut til eksamen i faget, har rett til særskild eksamen i faget.
Ved særskild eksamen gjeld følgjande:
- I fag der det er éin standpunktkarakter og to moglege eksamensformer (som til dømes for matematikk 1T og engelsk vg1) skal det trekkjast til særskild eksamen (skriftleg, munnleg eller munnleg-praktisk).
- I fag med éi eksamensform per standpunktkarakter (som til dømes norsk sidemål skriftleg eller framandspråk munnleg), skal det ikkje trekkjast, men eksamen skal haldast i den delen av faget som eleven har fått karakteren 1 i standpunkt.
Retten til særskild eksamen gjeld i alle fag, også fag som ikkje har ei eksamensordning for elevar.
Eksamen eller trekk
Det er fastsett i læreplanen for dei ulike faga om det er obligatorisk eksamen eller om elevane skal trekkjast ut til eksamen.
Tidspunkt for avlegging av NUS-eksamen
Dersom eleven eller privatisten oppfyller vilkåra for ny eksamen, har hen rett til å gå opp til første etterfølgjande eksamen. Når dette er, vil avhenge av kva som er fastsett av Utdanningsdirektoratet for sentralt gitt eksamen og av fylkeskommunen for lokalt gitt eksamen.
Ver merksam på at det berre er mogleg å gjennomføre skriftleg eksamen i Udirs eksamenssystem i eksamensperiodane i mai/juni og november. Dette gjeld både lokalt og sentralt gitte skriftlege eksamenar.
Meir opplæring
Ein elev kan ha rett til meir opplæring i eit fag samstundes som ein har rett til ny, utsett eller særskild eksamen i faget. Eleven kan velje å få meir opplæring i faget, men kan også velje å gå opp til ny, utsett eller særskilt eksamen utan å ta imot tilbodet om meir opplæring.
Om eleven består ny, utsett eller særskild eksamen fell retten til meir opplæring bort. Dette står det meir om her.
Sommarskole
Fylkeskommunen kan i tillegg velje å tilby sommarskole med følgjande munnleg eller munnleg-praktisk lokalt gitt eksamen. Elevar med rett til ny eksamen kan gå opp til denne eksamen. Fylkeskommunen kan ikkje erstatte retten til meir opplæring, som er omtalt ovanfor, berre med eit slikt tilbod om sommarskole.
Elevar med rett til særskild eksamen i eit fag kan gå opp til eksamen etter sommarskole dersom dei blir trekte til munnleg eller munnleg-praktisk lokalt gitt eksamen. I fag der eksamensforma både er sentralt gitt og lokalt gitt, t.d. 1P og 1P-Y, kan det bety at berre nokre av elevane får teke eksamen rett etter sommarskolen.
Eleven avgjer om hen vil gå opp til eksamen i tilknyting til sommarskolen eller seinare same semester, det vil seie samtidig med privatistar og andre elevar.
Føring av dokumentasjon
For alle eksamenar gjeld at «ny» eksamenskarakter blir påført vitnemålet/kompetansebeviset etterfølgjande semester. Det betyr at dersom ein elev får karakteren 1 i standpunkt til våreksamen, og eleven tek særskild eksamen på sommaren, skal den nye karakteren påførast dokumentasjonen etterfølgjande haust.
I fag med fleire standpunktkarakterar, til dømes norsk, vil det berre vere standpunktkarakteren i den delen av faget eleven har stroke i til eksamen, som blir stroken. Dette inneber til dømes at ein elev som ved ny eksamen får karakteren 1 i skriftleg sidemål, ikkje vil få standpunktkarakteren i skriftleg sidemål på eit vitnemål dersom eleven seinare består eksamen som privatist. Standpunkt- og eksamenskarakterane i hovudmål og munnleg vil bli ståande.
Det er mogleg å føre karakterar som er oppnådde etter normal tid ved særskild eksamen og utsett eksamen på førstegongsvitnemål, men dette gjeld ikkje for ny eksamen. NUS-eksamen skal takast etterfølgjande semester, fordi han gir rett til førstegongsvitnemål sjølv om eksamen ikkje er teken innan normal tid i tråd med fastsett opplæringsløp i læreplanverket.
Fristen for førstegangsvitnemål er fem år frå oppstart i vidaregåande opplæring. Det er derfor mogleg å føre karakterar frå ny, utsett og særskilt eksamen på førstegangsvitnemål, også sjølv om karakterane blir satt etter at normal tid i tråd med fastsett opplæringsløp læreplanverket er gjennomført. Føringar som gjelder for hausten 2024.