Programområde for aktivitør - Læreplan i felles programfag Vg2 (AKT2-01)
Utgått
Grunnleggjande ferdigheiter
Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla der dei medverkar til å utvikle fagkompetansen og er ein del av han. I aktivitørfaget forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik:
Å kunne uttrykkje seg munnleg i aktivitørfaget inneber å kommunisere med brukarar, pårørande og kollegaer. Det inneber å gi informasjon om arbeid og aktivisering i tverrfaglege team, og å motivere og rettleie brukarar i aktiviseringsprosessar.
Å kunne uttrykkje seg skriftleg i aktivitørfaget inneber å formidle eigne meiningar, vurdere og kvalitetssikre arbeidsprosessen. Det inneber å bruke eit visuelt språk gjennom illustrasjonar, skisseteikningar og symbol.
Å kunne lese i aktivitørfaget inneber å innhente informasjon om brukarar, forstå faglitteratur, lovtekstar og plandokument, og å finne eigna litteratur for lesing saman med eller for brukarar. Det inneber å lese og forstå symbol og illustrasjonar.
Å kunne rekne i aktivitørfaget inneber å føre rekneskap, rekne ut vekt, volum, mengd, kalkulere pris og utarbeide statistikk og diagram.
Å kunne bruke digitale verktøy i aktivitørfaget inneber å kommunisere, formidle og innhente informasjon til bruk i faglege nettverk og dokumentasjon og kvalitetssikring av eige arbeid. Å bruke digitale verktøy inneber også arbeid med aktiviserings- og opplæringsprogram.
4 av 9