Læreplan i asfaltfaget Vg3 / opplæring i bedrift (ASF3-01)
Utgått
Føremål
Asfalt har vore nytta som byggjemateriale i fleire tusen år og som vegbyggingsmateriale sidan 1800-talet. I byrjinga av 1900-talet kom asfalten til Noreg, men det var ikkje før etter den andre verdskrigen det blei vanleg med asfalterte vegar i dei større byane, og først i 60-åra i distrikta.
Asfaltfaget omfattar produksjon, legging og vedlikehald av asfalt på vegar og plassar og til tetting i vassreservoar og fyllingsdammar. Faget skal medverke til utvikling og utbygging av eit trygt og tidsmessig vegnett som er med på å redusere transportkostnadene og minske miljøforureininga. Gjennom å utvikle fagarbeidarar skal faget medverke til å oppfylle dei krava samfunnet stiller til trygg og effektiv transport.
Opplæringa skal utvikle evna til å meistre utfordrande arbeidsoppgåver, ta i bruk ny teknologi og nye arbeidsmetodar og oppfylle krav til kvalitet. Opplæringa skal medverke til å fremme sjølvstende, kreativitet og gode arbeidsvanar. Vidare skal opplæringa styrkje evna til å kommunisere med kundar, kollegaer og andre samarbeidspartnarar. Opplæringa skal vise breidda i faget og dekkje både manuelt arbeid og maskinell produksjon og tilverking av asfalt.
Opplæringa skal leggje vekt på å utvikle eit fagleg fellesskap og bransjeforståing og leggje grunnlaget for ei fagmessig yrkesutøving. Vidare skal praktisk arbeid og samarbeid stå sentralt i opplæringa. Opplæringa skal leggje vekt på helse, miljø og tryggleik.
Fullført og bestått opplæring fører fram til fagbrev. Yrkestittel er asfaltør.
1 av 7