Programområde for blomsterdekoratør - Læreplan i felles programfag Vg2 (BLD2-02)
Utgått
Denne læreplanen har utgått.
Produksjon
Produksjon
- planleggje, gjennomføre og vurdere eige grunnleggjande arbeid med ulike råvarer
- analysere person, rom, underlag og føremål på bakgrunn av samanheng og stilhistorie, og grunngi val av fagleg arbeid
- eksperimentere med levande materiale og stilar, uttrykk, teknikkar og reiskapar
- lage faglege produkt i ulike stilar, uttrykk og teknikkar relaterte til ulike kulturar
- vurdere og analysere ulike faglege produkt i lys av stilhistoria, tradisjonane og historia til handverket
- bruke materiale på økonomisk måte
- analysere botaniske materiale og deira eigenskapar som grunnlag for å lage faglege produkt i ulike stilar og uttrykk
- bruke verktøy, materiale og teknikkar på føremålstenleg og forsvarleg måte
- utføre arbeidsprosessar i samsvar med etiske og estetiske normer i faget
- dokumentere, grunngi og vurdere eigen produksjon, knytt til kriteria for kvalitet, ønske frå kunden, helse, miljø og tryggleik, tid og økonomi
7 av 9