Læreplan i blomsterdekoratørfaget Vg3 / opplæring i bedrift (BLD3-01)
Utgått
Denne læreplanen har utgått.
Etter Vg3
Produksjon
- planleggje eige arbeid med blomsterfagleg materiale basert på kunnskap om ulike kulturar, stilhistoria og handverkets tradisjonar og historie
- utføre og tilpasse eige arbeid med blomsterfaglege produkt til høve, rom og underlag, trendar og dei ønska og behova kunden har
- berekne forbruk av råvarer til ulike oppdrag og kalkulere kostnadene
- eksperimentere med og velje materiale og teknikkar til ønskt produkt og uttrykk i blomsterdekoratørfaget
- grunngi og følgje rutinar knytte til kvalitetssikring av kundehandsaming
- lage ulike vareeksponeringar og utstillingar av blomsterfaglege produkt
- utføre dekoroppdrag inne og ute, og tilpasse desse til rom, høve og kva behov kunden har
- gjere greie for og bruke eigenart og særtrekk ved levande materiale tilpassa ulike uttrykk
- gjere greie for opphav, naturleg sesong for og stell av eit breitt utval av namngitt botanisk materiale
- gjere greie for og kjenne att skadar som skriv seg frå kulde, varme, støyt og feilvatning og førebygge slike skadar på blomstrar og plantar
- gjere greie for og kjenne att vanlege sjukdommar på stoveplanter og gjere greie for ulike tiltak mot sjukdommane
- bruke fagspråk og fagleg kompetanse i kommunikasjon med kollegaer, kundar, leverandørar og andre samarbeidspartnarar
- utvikle miljøvennlege teknikkar, velje miljøvennleg materiale og gjere greie for verknadene av dette i utøving av blomsterdekoratørfaget
- grunngi og følgje gjeldande regelverk for helse, miljø og tryggleik
- dokumentere og vurdere eigne produkt
Design med blomstrar
- vurdere og grunngi ulike idear til blomsterfaglege produkt
- informere og rettleie kundar om blomsterfaglege produkt og tenester
- utnytte eigenskapar ved ulike materiale i eige arbeid og vurdere kor eigna materiala er
- analysere og vurdere eigne produkt med tanke på heilskapleg uttrykk og funksjon
- bruke digitale verktøy i eige designarbeid med blomstrar
- gjere greie for aktuelle trendar og vurdere behov for produkt og tenester i marknaden
- gjere greie for og følgje gjeldande rutinar og regelverk knytt til bruk av ulike materiale og produkt i blomsterdekoratørfaget
6 av 7