Programområde for fiske og fangst - Læreplan i felles programfag Vg2 (FFA2-01)
Utgått
Denne læreplanen har utgått.
Fangst og reiskap
Fangst og reiskap
- planleggje, gjennomføre og vurdere fangsting med rett bruk av maskinar, instrument og reiskapar
- utføre rutinemessig vedlikehald og enkel reparasjon av fiske- og fangstreiskapar, fartøy, produksjonsutstyr og instrument
- planleggje, gjennomføre og vurdere fangstoperasjonar med utgangspunkt i meteorologiske, oseanografiske og biologiske forhold
- utføre førstehandsbehandling av råstoff og oppfylle krav til reinhald og hygiene etter gjeldande regelverk
- føre fangstdagbok og andre dokument knytte til fangst
- omsetje sjømat til best mogleg pris og kvalitet ut frå kjennskap til nokre aktuelle marknader
- forklare samanhengen mellom fangstinntekter, kostnader, lott og hyreoppgjer, og korleis dette verkar inn på resultatet i bedrifta
- gjere greie for økologiske konsekvensar av fiskeri og drøfte etiske problemstillingar i samband med utøving av yrket
- bruke gjeldande kvalitetssikringssystem knytt til aktuell fangst og vald driftsform
- følgje instruks og prosedyrar, samarbeide med andre og ta ansvar for eigne arbeidsoppgåver under arbeid om bord
- vurdere fangstpotensialet for ein aktuell reiskap i høve til kapasiteten til fartøyet
- finne fram i gjeldande reguleringar for dei vanlegaste fiskeria og bruke slik informasjon i yrkesutøvinga
- vurdere risiko og arbeide etter gjeldande regelverk for helse, miljø og tryggleik om bord og på landanlegg
- gjere greie for oppgåvene til eit reiarlag og velje driftsform ut frå fartøytypar, fiskereiskapar og fangst
- gjere greie for korleis ny teknologi og nasjonal politikk verkar inn på fiskebestanden og fiskerinæringa globalt, regionalt og lokalt
8 av 9