Læreplan i industritekstilfaget, fiskereiskapar Vg3 / opplæring i bedrift (FIR3-01)
Utgått
Det gis ikke lenger opplæring etter læreplanen, men det kan være mulig å ta eksamen som privatist. Se informasjon om siste eksamen på fagkodene som er knyttet til læreplanen.
Etter Vg3
Materiale og prosesskontroll
- gjennomføre mottakskontroll av filament og råmateriale og dokumentere kvalitet i tråd med spesifikasjonar
- planleggje og leggje til rette produksjonsprosessar i tråd med spesifikasjonar og instruksar
- kontrollere prosessar, registrere avvik, justere og optimalisere
- handtere og oppbevare innsatsvarer i tråd med instruksjonar og gjeldande regelverk
- velje innsatsvarer, materiale og utstyr til produksjon og grunngi vala
- dokumentere at bruken av innsatsvarer er i tråd med miljø- og kvalitetskrav
Industriell produksjon
- klargjere, stille inn og stille om maskiner og utstyr
- klargjere råmateriale og innsatsvarer for produksjon av tau og snøre, knutenett og knutelaust nett
- ekstrudere filament av råstoff i samsvar med spesifikasjonar
- styre og overvake produksjonsprosessar
- bruke og halde ved like produksjonsmaskiner og utstyr
- tvinne, duktleggje, slå og flette tau i samsvar med arbeidsordrar
- kveile, spole og hespe tau i samsvar med spesifikasjonar og krav til kvalitet og dimensjon
- velje trådtjukkleik og maskestorleik og produsere nett i samsvar med arbeidsordrar og spesifikasjonar
- træ, bøte, strekkje, skjere, klippe og maskebinde nett
- farge, impregnere og etterbehandle produkt i samsvar med spesifikasjonar og gjeldande reglar for helse, miljø og tryggleik
- demonstrere kontrollutstyr og hjelpeprosessar i produksjonen og gjere greie for formålet med dei
Montering av reiskapar
- stille inn, bruke og vedlikehalde maskiner og utstyr for montering
- planleggje monteringsarbeid i tråd med spesifikasjonar og arbeidsordrar
- vurdere og gjennomføre reparasjons- og serviceoppdrag
- velje og bruke teknikkar og metodar for samanføring, ferdigstilling og bøting av produkt i samsvar med arbeidsordrar
- rekne ut, måle opp og skjere til delar og komponentar til fiskereiskapar og produkt i samsvar med arbeidsordrar
- montere og gjere klar fiskereiskapar og produkt i samsvar med spesifikasjonar
Dokumentasjon og kvalitet
- utføre arbeidet i samsvar med gjeldande styringssystem og regelverk for helse, miljø og tryggleik
- registrere og rapportere i samsvar med dokumentasjonskrav og identifisere og rapportere avvik
- handtere kjemikaliar, oljar, reservedelar og utstyr i tråd med gjeldande regelverk
- foreslå forbetringar som gjeld materiale, tekniske løysingar og logistikk
- setje i verk førebyggjande kvalitets- og miljøtiltak innanfor sitt eige ansvarsområde
- drøfte tekniske løysingar, materialval og produktutvikling med kollegaer og andre faggrupper
6 av 7