Læreplan i hovslagarfaget Vg3 / opplæring i bedrift (HOV3-01)
Utgått
Det gis ikke lenger opplæring etter læreplanen, men det kan være mulig å ta eksamen som privatist. Se informasjon om siste eksamen på fagkodene som er knyttet til læreplanen.
Etter Vg3
Hovpleie
- planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere hovslagararbeid
- handtere hest på ein etisk forsvarleg måte og arbeide i tråd med gjeldande regelverk for dyrevelferd
- gjere greie for samanhengar mellom innsatsfaktorar og økonomisk resultat i hovslagararbeid
- arbeide etter regelverk og avtalar som regulerer arbeidsforhold i hovslagarbransjen, og gjere greie for dei pliktene og rettane arbeidsgivaren og arbeidstakaren har
- utføre arbeidsoppgåver i hovslagarfaget på ein ergonomisk riktig måte
- kommunisere og samarbeide med anna hestepersonell
- vurdere risiko og bruke verneutstyr
- verke for berrfot og beslag
- velje eigna materiale og dimensjon på hestesko etter korleis hesten blir brukt, og kva behov han har
- ta mål av ein hóv og lage sko til han
- tilverke og bruke parallellsko, eggbarsko, ringsko og kilesko og utføre holslåing, plassere broddhol etter behov, lage reisttå og tverrtå, kappe og trailer på skoen
- tilpasse hestesko varmt og kaldt
- påverke overrullinga til hóven og balansere og korrigere etter kva behov hesten har, og etter bruksområde og alder
- saume på skoen og pusse av hóven på ein fagmessig måte
- sko med solar
- vurdere og korrigere beinstilling på føll og unghestar
Helse og sjukdom
- gjere greie for anatomi og eksteriør til hesten
- gjere greie for korleis hóven er bygd opp med knoklar, sener, hornlag og blautdelar
- skildre rørslemønsteret til hesten i alle gangartar
- kjenne igjen og skildre normal og avvikande beinstilling, aksebrot og vanlege misdanningar
- førebyggje og behandle slitasje og skadar på beina og hóvane til hesten
- gjere greie for og identifisere vanlege betennelsestilstandar og infeksjonar
- behandle vanlege skadar og sjukdomstilstandar og vurdere når tilstanden krev behandling av veterinær
- kommunisere med veterinær og samarbeide om førebygging og behandling
- leggje hovbandasjar og sko med sjukebeslag
- gjennomføre førebyggjande helsetiltak og forklare sjukdomstrekk og rettleie hesteeigarar om førebygging og behandling av sjukdom og skadar
- vurdere risiko for dyr og menneske i omgang med hest, og arbeide i tråd med gjeldande regelverk for helse, miljø og tryggleik
- utføre teknikkar for reparasjon og oppbygging av hóvar
Verktøy og materiale
- utføre herding
- velje materiale til verktøy og hestesko
- utføre dagleg og periodisk vedlikehald av verktøy
- velje verktøy og tilpasse verktøyet til arbeidsoppgåve og brukar
- utføre elektrisk sveising og essesveising
- utføre stuking, strekking, stempling av hòl og tilverking med oppslagar
6 av 7