Programområde for helsesekretær - læreplan i felles programfag Vg3 (HSE3-01)
Utgått
Denne læreplanen har utgått.
Yrkesutøving
Yrkesutøving
- planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere eige arbeid i faget
- utføre administrative arbeidsoppgåver knytte til dokumentasjon, registrering, rekneskap, telefonførespurnader og ventelistehandtering
- utføre logistikk- og bestillingsarbeid
- leggje til rette for og assistere andre yrkesgrupper
- utføre dei mest vanlege undersøkingsmetodane, laboratoriearbeid og skiftestue- og assistansearbeid
- følgje prosedyrar ved stikkskadar
- følgje prosedyrar for arbeidet med biologisk og kjemisk materiale
- handtere avfall på ein hygienisk og miljøriktig måte
- rettleie pasientar, brukarar og pårørande om ulike instansar i helse- og sosialtenesta
- utføre arbeidet i tråd med yrkesetiske retningslinjer og gjeldande regelverk om kvalitet i helse- og sosialtenesta
- utføre arbeidet i tråd med ergonomiske prinsipp
- utføre arbeidet i tråd med prinsippa for universell utforming av tenester og produkt
- bruke relevante digitale verktøy i arbeidet
9 av 10