Etter Vg3
Maskiner og utstyr
Mål for opplæringen er at eleven skal kunne- velje og klargjere maskiner og hjelpeutstyr i samsvar med produktbeskriving, krav til helse, miljø, tryggleik og krav til kvalitet
- utarbeide ein produksjonsplan i samsvar med krav til logistikk og produksjonsflyt
- halde ved like maskiner, hjelpeutstyr og verneutstyr i samsvar med instruksar og gjeldande regelverk for helse, miljø og tryggleik
Materiale
Mål for opplæringen er at eleven skal kunne- gjere greie for oppbygginga og eigenskapane til materiala
- vurdere og velje materiale til produksjon i samsvar med kvalitetskrav
- kontrollere kvaliteten på materiale før samanføying
- velje arbeidsmetodar ut frå eigenskapane i materiala
- framstille leggbilete for optimal utnytting av materiale
- handtere materiale i samsvar med gjeldande regelverk for helse, miljø og tryggleik
Samanføying og mønsterkonstruksjon
Mål for opplæringen er at eleven skal kunne- velje mønster og saumdetaljar i samsvar med spesifikasjonar
- tolke og bruke merkjemetodar for samanføying av mønsterdelar
- velje og bruke tilskjeringsmetode i samsvar med krav til kvalitet, effektivitet og tryggleik
- bruke tekniske teikningar og arbeidsrettleiingar i samanføyingsprosessen
- velje og bruke samanføyingsmetode med tanke på krav til kvalitet, effektivitet og tryggleik
- drøfte faglege problemstillingar med kollegaer og andre faggrupper
Produksjon
Mål for opplæringen er at eleven skal kunne- førebu og leggje til rette komponentar og utstyr for produksjon
- utføre saumarbeid etter spesifikasjonar og produksjonsplanar
- vurdere kvaliteten på eige arbeid og ferdig produkt og gjere framlegg om forbetringstiltak
- leggje til rette for eige arbeid og utføre arbeidet i samsvar med gjeldande regleverk for helse, miljø og tryggleik
- registrere, rapportere og dokumentere utført arbeid
Side 6 Av 7