Læreplan i industrisnikkarfaget Vg3 / opplæring i bedrift (ISN3-01)
Utgått
Det gis ikke lenger opplæring etter læreplanen, men det kan være mulig å ta eksamen som privatist. Se informasjon om siste eksamen på fagkodene som er knyttet til læreplanen.
Etter Vg3
Produktutvikling
- vurdere materiale ut frå kva funksjon og design produktet skal ha
- vurdere materiale i tråd med krav til miljø, levetid og gjenvinning
- vurdere samanføyingsmetode tilpassa produktet og dei maskinene og det utstyret bedrifta har
- setje opp forkalkyle for produkt
- utarbeide skisser, jiggar og malar, bruke digitale teikningar for produkt i tråd med standardar og bransjenormer
- framstille delar til prototypar og nullseriar
- foreslå produkt og produksjonsforbetringar innanfor eige arbeidsområde og grunngi forslaga
Produksjonsplanlegging
- velje materialkvalitet og rekne ut materialmengd
- bruke materiallister og flytskjema i tråd med produksjonsordrar
- velje maskiner, utstyr og produksjonsmetodar i tråd med produkt og materiale
- planleggje produksjon i tråd med teikningar, omtaler og produksjonsordrar
- utnytte ressursane i bedrifta effektivt og lønnsamt
- vurdere risiko i produksjonsprosessane i tråd med gjeldande reglar for helse, miljø og tryggleik
- utarbeide produksjonsplanar i tråd med krav til produksjonsflyt, emballering og logistikk
Møbelproduksjon
- bruke utstyr og teknikkar i tråd med produksjonsordrar og produksjonsplanar
- klargjere og kontrollere materiale og komponentar til produksjon i tråd med spesifikasjonar og kvalitetskrav
- maskinere emne og komponentar i tråd med arbeidsteikningar og beskrivingar
- førebu og gjennomføre overflatebehandling i tråd med arbeidsforklaringar og kvalitetskrav
- montere og gjere ferdig delar og produkt
- pakke og emballere ferdige produkt til lagring og utskiping
- utnytte materiale i tråd med materialeigenskapar og krav til avfallshandtering
- bruke verneutstyr i tråd med gjeldande reglar for helse, miljø og tryggleik
- registrere og rapportere avvik på materiale og utstyr under framstillingsprosessane
- planleggje og utføre vedlikehald på maskiner og utstyr
6 av 7