Læreplan i industritekstilfaget, trikotasje Vg3 / opplæring i bedrift (ITR3-01)
Utgått
Hovudområde
Materiale og førebuingar
Hovudområdet omfattar handtering, kontroll og dokumentasjon av råmateriale. Handtering av garn og utstyr, materiale og mønster og spesifikasjonar og instruksar står sentralt. Vidare dreiar hovudområdet seg om bindingar, maskedanning og tilrettelegging for produksjon.
Trikotasjeproduksjon
Hovudområdet omfattar klargjering og handtering av maskiner og råvarer. Strikkeførebuing, bruk av ulike strikkeprinsipp, materialtypar og mønster- og strikkekonstruksjonar høyrer med til hovudområdet. Vidare inngår enkle utrekningar. Hovudområdet omfattar reingjering, vedlikehald, prosesskontroll og optimalisering. Iverksetjing av korrigerande og førebyggjande tiltak innan kvalitetsarbeid og helse, miljø og tryggleik høyrer også med.
Dokumentasjon og styring
Hovudområdet omfattar dei styringssystema bedrifta har for kvalitet, helse, miljø og tryggleik og vedlikehald. Registrering, rapportering og dokumentasjon inngår også. Hovudområdet omfattar kontrolltiltak, gjennomføring og oppfølging av planar.
3 av 7