Læreplan i industritekstilfaget, veving Vg3 / opplæring i bedrift (IVE3-01)
Utgått
Det gis ikke lenger opplæring etter læreplanen, men det kan være mulig å ta eksamen som privatist. Se informasjon om siste eksamen på fagkodene som er knyttet til læreplanen.
Etter Vg3
Materiale og førebuing
- gjennomføre mottakskontroll og utarbeide dokumentasjon av kvalitet på garn
- oppbevare garn og utstyr i samsvar med instruksjonar
- velje garn, utstyr, bindingar og mønster til veveoppgåver
- gjere utrekningar for garn og vev
- leggje til rette materiale og utstyr til produksjon
Veveprosessen
- setje opp i rennehekk og gjennomføre renning
- gjere greie for korleis knyteprosessen verkar
- gjere klar, trekkje fram og setje i gang vevemaskiner
- gjennomføre bindings- og mønsterskifte på vevemaskiner og køyre vevemaskinene
- gjere justeringar og optimaliseringar i samarbeid med ein stolstillar
- kontrollere og vurdere kvalitet på vevd vare ut frå spesifikasjonar
- identifisere og rapportere avvik og setje i verk førebyggjande og korrigerande tiltak
- reingjere og drive vedlikehaldsarbeid på veveriutstyr i samsvar med instruksar
- setje i verk tryggingstiltak på maskiner og utstyr i samsvar med instruksar
Dokumentasjon og styring
- utføre arbeidet i samsvar med gjeldande styringssystem og regelverk for helse, miljø og tryggleik
- registrere, rapportere og dokumentere produksjon og kvalitet på produkt
- handtere kjemikaliar etter instruksjonane i datablad
- oppbevare og handtere reservedelar og utstyr i samsvar med instruksjonar
- dokumentere utførte førebyggjande og korrigerande tiltak
- drøfte faglege problemstillingar med kollegaer og andre faggrupper
6 av 7