Læreplan i chassispåbyggjarfaget Vg3 / opplæring i bedrift (KAR3-01)
Utgått
Det gis ikke lenger opplæring etter læreplanen, men det kan være mulig å ta eksamen som privatist. Se informasjon om siste eksamen på fagkodene som er knyttet til læreplanen.
Etter Vg3
Chassis og understell
- finne understellsnummeret på køyretøyet og gjere greie for kva informasjon som ligg i det
- modifisere chassiset i samsvar med dei krava produsentane set til påbygg
- modifisere og justere fjøringssystem i tråd med produsentkrav
- demontere, montere og justere originale el-, luft- og bremsesystem i chassiset i tråd med forskrifter og produsentkrav
- montere hydraulikk, kompressor og aggregat med røyr og slangar og modifisere slikt utstyr
- utføre ei akselsentrering i tråd med spesifikasjonar frå produsentar
Karosseri og påbygg
- velje materiale i samsvar med konstruksjonsteikningar og gjere greie for kva innverknad materiala har på kvarandre
- produsere, tilpasse og montere halvfabrikat og utstyr etter konstruksjonsteikningar
- føye saman konstruksjonar med ulike legeringar og eigenskapar
- forklare korleis materiala oppnår styrken sin
- tilpasse, montere og føye saman ulike røyrmateriale og røyrtypar
- stille inn og bruke sveiseapparat og bearbeidingsmaskiner for karosseribygging og forklare korleis utstyret er bygd opp, og kva eigenskapar det har
- utføre karosseri- og innreiingsarbeid ut frå arbeidsbeskrivingar
- varmebehandle karosseri og chassismateriale i tråd med spesifikasjonar frå fabrikanten
- overflatebehandle ulike materiale og forklare val av metode med tanke på korrosjon og oksidasjon
- gjere greie for krav til styrke i konstruksjonen og korleis det påverkar aktiv og passiv tryggleik
- montere og reparere kunststoffmateriale
- montere og skifte vindaugsglas
- montere instrumentpanel og styringspanel
- montere side- og underkøyringshinder etter krava i køyretøyforskrifta
- byggje hjelperamme og montere chassisinnfestingar etter dei krava produsenten set til påbygg
Elektro-, termo- og VVS-teknikk
- sikre elektrisk anlegg mot skadar av høge spenningar etter rettleiingar frå produsentar, og gjere greie for farane ved dette arbeidet
- demontere og montere batteri i tråd med krav til helse, miljø og tryggleik
- bruke måleutstyr i samsvar med arbeidsoppdrag
- utføre kabelstrekk, oppkopling og feilsøking på elanlegg etter eit koplingsskjema og sikre anlegget mot ytre skadar
- montere utstyr tilkopla dei originale systema i køyretøyet i samsvar med rettleiingar
- montere og justere styringar for elektriske, hydrauliske og pneumatiske komponentar i påbygg
- montere lys etter køyretøyforskriftene
- montere røyrgater og kanalar som transporterer vatn, olje og luft i køyretøy
- montere støy- og brannhindrande isolasjon etter branntekniske forskrifter og gjere greie for sløkkjeutstyr
- montere varmeanlegg med slangar og tilhøyrande utstyr etter spesifikasjonar
- montere klimaanlegg og forklare oppbygginga og verkemåten
- montere utstyr for temperaturregulering av gods og utføre funksjonstest
- montere utstyr som inneheld digitalteknikk, og gjere greie for grunnprinsippa i systemet
- funksjonsteste VVS-anlegg
- montere lyd-, bilet- og kommunikasjonsutstyr i køyretøy etter rettleiing frå produsenten
Kvalitet og dokumentasjon
- leggje opp arbeidet etter produksjonsplanar og arbeidsrettleiingar og rapportere om framdrifta i produksjonen
- dokumentere og kontrollere at arbeidet er utført i tråd med arbeidsteikningar og spesifikasjonar
- lage arbeidsplan og framdriftsplan etter logistikksystem i bedrifta
- arbeide i tråd med krav til helse, miljø og tryggleik
- vurdere risikoen ved arbeidsoppdraget, gjere greie for internkontrollsystemet i bedrifta og registrere avvik
- handtere og systematisere bruk av personleg verktøy
- velje og bruke verneutstyr for ulike typar maskiner og utstyr
- gjere greie for kvalitetskrav og rutinar for forbetringsarbeid
- handtere spesialavfall i tråd med lover og forskrifter
- gjere greie for fagets opphav og utvikling
6 av 7