Læreplan i kunst og visuelle verkemiddel – felles programfag i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur (KDA1-01)
Utgått
Denne læreplanen er utgått.
Kunst og visuelle verkemiddel 1
Visuelle verkemiddel
- bruke ulike teiknereiskapar, underlag og teknikkar i arbeid med frihandsteikning
- gjere greie for og bruke proporsjonar i eigne arbeid med teikning av naturformer og geometriske former
- bruke digitale visualiseringsverktøy for å utvikle idear
- bruke farge som kontrast- og stemningsskapande verkemiddel i teikning og måling
- kjenne til ulike komposisjonsprinsipp og bruke dei i eigne arbeid
- kjenne til og bruke fagomgrep knytte til arbeid med visuelle verkemiddel, materiale og teknikkar
Materiale, uttrykk og teknikkar
- forenkle, stilisere, og abstrahere naturformer og bruke dette i eigne komposisjonar
- bruke foto og digitale verktøy for å dokumentere eigen arbeidsprosess
- bruke fagomgrep for å gjere greie for eigne val, og presentere og vurdere eit ferdig resultat
- bruke farge, form, teknikkar, materiale og reiskapar for å oppnå det ønskte uttrykket i to- og tredimensjonale arbeid
- bruke materiale og utstyr i tråd med retningslinjer for helse, miljø og sikkerheit
Kunst- og kulturhistorie
- kjenne til særtrekk og visuelle verkemiddel i vestleg kunst før 1600
- forklare korleis oppdragsgivarar, laug og akademi har påverka utforminga av bilete og skulptur før 1600
7 av 10