Læreplan i kunst og skapande arbeid – valfritt programfag i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur (KDA3-01)
Utgått
Denne læreplanen har utgått.
Kunst og skapande arbeid
Kunst i kontekst
- drøfte korleis visuell kunst kan kommunisere tankar og verdiar
- identifisere kvar og korleis visuell kunst blir presentert i samtida
- analysere og tolke etablerte og eksperimentelle kunstuttrykk
- beskrive kunsten og kunstnarrolla i brytinga mellom marknad og kunsten sin autonomi
- gjere greie for prinsipp om opphavsrett og personvern knytte til bruk av andre sine verk
- bruke fagomgrep i presentasjon, tolking og vurdering av eigne og andre sine kunstnariske prosessar og arbeid
Kunst i prosess
- planleggje, utvikle og dokumentere ein kunstnarisk prosess frå idé til ferdig produkt
- bruke og grunngi val av visuelle og estetiske verkemiddel, materiale og teknikkar i utviklinga av eigne kunstuttrykk
- utvikle eit kunstprosjekt som uttrykkjer det stadspesifikke
- bruke rom og volum i utforming av ein installasjon
- utforske og hente inspirasjon frå samtidskunst og bruke ein kunstnar eller eit kunsthistorisk verk som referanse for eige arbeid
- planleggje og gjennomføre utstillingar og nettbaserte kunstpresentasjonar
- kjenne til helse, miljø og sikkerheit knytt til arbeid med ulike materiale og teknikkar
7 av 8