Læreplan i design og berekraft – valfritt programfag i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur (KDA4-01)
Utgått
Denne læreplanen har utgått.
Design og berekraft
Designarrolla og berekraftig utvikling
- gjere greie for designaren si rolle i skjeringspunktet mellom marknad, berekraftig utvikling og etiske problemstillingar
- utføre, tolke, vurdere og formidle bruks-, funksjons- og enkle marknadsanalysar
- identifisere eksisterande og framtidige samfunnsutfordringar og gje form til berekraftige designløysingar
- gjere greie for den rolla design har i samfunnet og samfunnsutviklinga
Designprosessar og produktutvikling
- bruke ulike metodar i arbeid med produkt i ulike materiale
- utvikle skisser til produkt med ergonomiske løysingar baserte på universell utforming
- gi døme på nye teknologiar, materiale og produksjonsmetodar i industrielle prosessar
- gjennomføre ein designprosess og lage prototypar i ulik målestokk og diskutere kvalitet og utføring
Kommunikasjon og presentasjon
- drøfte korleis marknads- og kulturforståing dannar grunnlag for design
- bruke teikning og modell til å kommunisere og marknadsføre designløysingar, både analogt og digitalt
- analysere bruksfunksjon, symbolverdi og produktidentitet i ulike designprodukt og drøfte merkevarebygging som designstrategi
- utarbeide ein visuell profil for promotering av eige designprodukt
7 av 8