Læreplan i foto og grafikk - valfrie programfag i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur (KDA6-01)
Utgått
Denne læreplanen er utgått.
Foto og grafikk 1
Foto og grafiske uttrykk
- gjere greie for og bruke visuelle verkemiddel i arbeid med foto og grafiske uttrykk
- bruke skrift som formelement i visuelle uttrykk
- bruke skisser, foto og skrift i arbeid med illustrasjonar
- utarbeide design og layout for ulike formål og medium
- overføre og omarbeide bilete ved hjelp av digitale verktøy
- montere, ferdigstille og dokumentere eige grafisk arbeid og følgje rutinar for signering
Teknikk og materiale
- skape eigne uttrykk ved å bruke manuelle, grafiske trykkteknikkar og ulike digitale verktøy
- utføre trykk på ulike underlag og vurdere resultatet
- beskrive ulike innstillingar i eit kamera og bruke dei som verkemiddel i eige arbeid med foto
- planleggje og gjere greie for samanhengen mellom eigne idear, val av reiskap og teknikk som er knytte til mangfaldiggjering i arbeid med foto og layout for trykk
- bruke ulike filformat, oppløysing og komprimering av bilete tilpassa ulike medium
- bruke materiale, verktøy og utstyr i tråd med retningslinjer for helse, miljø og sikkerheit
Foto og grafiske uttrykk i det offentlege rom
- bruke enkle analysemodellar som grunnlag for å tolke ulike grafiske uttrykk
- gjere greie for foto som dokumentasjon, reportasje, illustrasjon, kunstuttrykk og reklame
- bruke døme frå arbeid av kunstnarar og utøvarar som inspirasjon til eige arbeid
- drøfte rolla til det masseproduserte biletet i det offentlege rom
- gjere greie for etiske problemstillingar innan visuell kommunikasjon
- bruke ulike kjelder og følgje reglar for kjeldebruk og kreditering
7 av 9