Læreplan i kroppsøving (KRO1-02)
Utgått
Denne læreplanen har utgått.
Etter Vg1
Idrett og dans
- utvikle ferdigheiter i individuelle idrettar og lagidrettar
- forklare og praktisere sentrale reglar i utvalde idrettar
- praktisere danseformer frå ulike kulturar
- skape dansekomposisjonar og vere med i dans som andre har laga
- gjere greie for og praktisere førebygging av og førstehjelp ved idrettsskadar
Friluftsliv
- praktisere friluftsliv med naturen som matkjelde
Trening og livsstil
- planleggje og gjennomføre oppvarming i samband med ulike treningsaktivitetar
- bruke treningsmetodar og øvingar innanfor treningsformene uthald, styrke og rørsleevne
- forklare viktige faktorar som verkar inn på treningsformene uthald, styrke og rørsleevne
- forklare, demonstrere og bruke gode arbeidsteknikkar og -stillingar
9 av 12