Læreplan i landbruksmaskinmekanikarfaget Vg3 / opplæring i bedrift (LMM3-01)
Utgått
Grunnleggjande ferdigheiter
Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla der dei medverkar til å utvikle fagkompetansen og er ein del av han. I landbruksmaskinmekanikarfaget forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik:
Å kunne uttrykkje seg skriftleg og munnleg i landbruksmaskinmekanikarfaget inneber å kommunisere med leverandørar, kollegaer og kundar om faglege løysingar. Det inneber også risikovurdering og utarbeiding av rapportar.
Å kunne lese i landbruksmaskinmekanikarfaget inneber å forstå og følgje arbeidsbeskrivingar, prosedyrar, reparasjonsdata og standardar på norsk og engelsk. Vidare dreiar det seg om å forstå og følgje gjeldande regelverk.
Å kunne rekne i landbruksmaskinmekanikarfaget inneber å rekne ut trykk, væskemengd, temperatur, elektriske storleikar og blandingsforhold i væsker. Vidare dreiar det seg om å rekne ut økonomiske konsekvensar av ressursbruk og metodeval. Det inneber også å gjennomføre målingar og registreringar ut frå teikningar, skjema og standardar. Vidare inneber det omrekning av måleiningar.
Å kunne bruke digitale verktøy i landbruksmaskinmekanikarfaget inneber å bruke datasystem til planlegging og dokumentasjon, feilsøking, reparasjon, testing og maskinstyring. Det inneber også å bruke digitale instrument til måling, utrekningar og diagnosar. Vidare inneber det nettbasert innhenting av informasjon og kommunikasjon med kundar.
4 av 7