Læreplan i målarfaget Vg3 / opplæring i bedrift (MAL3-01)
Utgått
Denne læreplanen har utgått.
Etter Vg3
Produksjon
- kontrollere og vurdere tilstanden på underlaget og påvise synlege skadar, feil og manglar
- rapportere om avvik som må utbetrast av andre faggrupper
- utføre nødvendig utbetring av underlaget før vidare behandling
- planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere arbeid
- arbeide på ein sikker, økonomisk, rasjonell, estetisk og ergonomisk måte
- velje miljøvennlege produkt som sikrar omsynet til det indre og det ytre miljøet
- ta imot, bruke og oppbevare materiale, verktøy, maskiner og utstyr
- velje materiale og utføre målararbeid, leggje golvbelegg og setje opp tapet og veggbelegg på organiske, mineralske og metalliske underlag i samsvar med bestillingar og kravspesifikasjonar
- justere fargar
- velje, bruke og vedlikehalde verktøy, maskiner og utstyr
- bruke stigar, arbeidsplattformer, personlyftarar og stillas i samsvar med gjeldande regelverk
- bruke verneutstyr
- utføre kjeldesortering og handtere helse- og miljøfarleg avfall i samsvar med gjeldande regelverk
- utføre arbeid i samsvar med gjeldande regelverk for helse, miljø og tryggleik
Bransjelære
- gjere greie for den historiske utviklinga av faget og kva plass det har i samfunnet
- gjere greie for innhaldet i relevante nasjonale og internasjonale regelverk som gjeld dei rettane og pliktene kunden har, under dette reglar om klagerett
- utføre profesjonell kundebehandling og service
- drøfte yrkesetiske prinsipp
- drøfte verdien av samhandling på arbeidsplassen
- gjere greie for val av materiale ut frå ei vurdering av tilstanden til underlaget
- lese og bruke teikningar og beskrivingar
- bruke digitale verktøy til oppmåling, informasjonsinnhenting, kommunikasjon og dokumentasjon
- gi overslag over tids- og materialforbruk for ei arbeidsoppgåve
- følgje internkontrollsystemet
6 av 7