Læreplan i matematikk fellesfag (MAT1-03)
Utgått
Struktur
Faget er strukturert i hovudområde som det er formulert kompetansemål for. Hovudområda utfyller kvarandre og må sjåast i samanheng.
Faget er eit fellesfag for alle utdanningsprogramma i vidaregåande opplæring. Opplæringa skal difor gjerast mest mogleg relevant for elevane ved å tilpassast dei ulike utdanningsprogramma.
Matematikk har kompetansemål etter 2., 4., 7. og 10. årssteget i grunnskolen og etter Vg1 i studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram i vidaregåande opplæring.
Det er to variantar av læreplanen på Vg1. Variant T er meir teoretisk orientert, medan P-varianten er meir praktisk orientert.
Begge variantane gjev i dei studieførebuande utdanningsprogramma generell studiekompetanse saman med enten felles programfag matematikk på Vg2 (2T/2P) eller programfag i matematikk (R1/S1).
Elevar i yrkesfaglege utdanningsprogram skal i Vg1 ha tre femdelar av læreplan matematikk 1P eller 1T:
Matematikk 1T-Y: hovudområda
tal og algebra (kompetansemåla 1, 2, 3 og 5)
geometri (heile hovudområdet)
funksjonar (kompetansemåla 1, 2 og 4)
Matematikk 1P-Y: hovudområda
tal og algebra
geometri
økonomi
Oversikt over hovudområde:
Årssteg | Hovudområde | |||||
1.–4. | Tal | Geometri | Måling | Statistikk | ||
5.–7. | Tal og algebra | Geometri | Måling | Statistikk og sannsyn (bm.: sannsynlighet) | ||
8.–10. | Tal og algebra | Geometri | Måling | Statistikk, sannsyn og kombinatorikk | Funksjonar | |
1T | Tal og algebra | Geometri | Sannsyn | Funksjonar | ||
1P | Tal og algebra | Geometri | Sannsyn | Funksjonar | Økonomi | |
1T-Y | Tal og algebra | Geometri | Funksjonar | |||
1P-Y | Tal og algebra | Geometri | Økonomi |
2 av 15