Læreplan i matematikk fellesfag (MAT1-04)
Utgått
Hovudområde
Faget er strukturert i hovudområde som det er formulert kompetansemål for. Hovudområda utfyller kvarandre og må sjåast i samanheng.
Faget er eit fellesfag for alle utdanningsprogramma i vidaregåande opplæring. Opplæringa skal difor gjerast mest mogleg relevant for elevane ved å tilpassast til dei ulike utdanningsprogramma.
Matematikk har kompetansemål etter 2., 4., 7. og 10. årssteget i grunnskolen og etter Vg1 i studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram i vidaregåande opplæring.
Det er to variantar av læreplanen på Vg1. T-varianten er meir teoretisk orientert, medan P-varianten er meir praktisk orientert. Begge variantane gjev i dei studieførebuande utdanningsprogramma generell studiekompetanse saman med matematikk på Vg2, anten 2P eller programfag i matematikk (R1/S1).
Elevar i yrkesfaglege utdanningsprogram skal i Vg1 ha tre femdelar av læreplanen matematikk 1P eller 1T. Læreplanen viser kompetansemåla i matematikk i dei yrkesfaglege utdanningsprogramma i 1T-Y og 1P-Y.
Oversikt over hovudområda:
Årssteg | Hovudområde | |||||
1.–4. | Tal | Geometri | Måling | Statistikk | ||
5.–7. | Tal og algebra | Geometri | Måling | Statistikk og sannsyn (bm.: sannsynlighet) | ||
8.–10. | Tal og algebra | Geometri | Måling | Statistikk, sannsyn og kombinatorikk | Funksjonar | |
1T | Tal og algebra | Geometri | Sannsyn | Funksjonar | ||
1P | Tal og algebra | Geometri | Sannsyn | Funksjonar | Økonomi | |
1T-Y | Tal og algebra | Geometri | Funksjonar | |||
1P-Y | Tal og algebra | Geometri | Økonomi |
Tal og algebra
Hovudområdet tal og algebra handlar om å utvikle talforståing og innsikt i korleis tal og talbehandling inngår i system og mønster. Med tal kan ein kvantifisere mengder og storleikar. Området tal omfattar både heile tal, brøk, desimaltal og prosent. Algebra i skolen generaliserer talrekning ved at bokstavar eller andre symbol representerer tal. Det gjev høve til å beskrive og analysere mønster og samanhengar. Algebra blir òg nytta i samband med hovudområda geometri og funksjonar.
Geometri
Geometri i skolen handlar mellom anna om å analysere eigenskapar ved to- og tredimensjonale figurar og gjere konstruksjonar og berekningar. Ein studerer dynamiske prosessar som spegling, rotasjon og forskyving. Hovudområdet omfattar òg å beskrive plassering og forflytting i rutenett, kart og koordinatsystem.
Måling
Måling vil seie å samanlikne og oftast knyte ein talstorleik til eit objekt eller ei mengd. Denne prosessen krev at ein brukar måleiningar og høvelege teknikkar, målereiskapar og formlar. Viktige delar av måleprosessen er å vurdere resultatet og drøfte kor usikre målingane er.
Statistikk, sannsyn og kombinatorikk
Statistikk omfattar å planleggje, samle inn, organisere, analysere og presentere data. I analysen av data høyrer det med å beskrive generelle trekk ved datamaterialet. Å vurdere og sjå kritisk på konklusjonar og framstilling av data er ein sentral del av denne prosessen. I sannsynsrekning talfester ein kor stor sjanse det er for at ei hending skal skje. I kombinatorikk arbeider ein med systematiske måtar for å telje opp moglege utfall for å kunne berekne sannsyn.
Funksjonar
Ein funksjon beskriv endring eller utvikling av ein storleik som er avhengig av ein annan, på ein eintydig måte. Funksjonar kan uttrykkjast på fleire måtar, til dømes med formlar, tabellar og grafar. Analyse av funksjonar går ut på å leite etter spesielle eigenskapar, som kor raskt ei utvikling går, og når utviklinga får spesielle verdiar.
Økonomi
Hovudområdet økonomi handlar om berekningar og vurderingar som gjeld økonomiske forhold.
2 av 14