Læreplan i fellesfaget matematikk 2T-Y og 2P-Y, Vg3 påbygging til generell studiekompetanse (MAT6-01)
Utgått
Struktur
Faget er strukturert i hovudområde som det er formulert kompetansemål for. Hovudområda utfyller kvarandre og må sjåast i samanheng.
Det er to variantar av læreplanen i faget. Læreplan 2T-Y er meir teoretisk orientert, medan læreplan 2P-Y er meir praktisk orientert. Faget gjev saman med fellesfaget matematikk frå Vg1 (1T-Y eller 1P-Y) generell studiekompetanse i matematikk.
Denne læreplanen er for elevar i yrkesfagleg utdanningsprogram og dei som har fagbrev, sveinebrev eller annan yrkeskompetanse, og som ynskjer generell studiekompetanse.
Oversikt over hovudområde:
Årssteg | Hovudområde | ||||
2T-Y | Tal og algebra | Geometri | Kombinatorikk og sannsyn | Funksjonar | Kultur og modellering |
2P-Y | Tal og algebra i praksis |
| Statistikk og sannsyn | Funksjonar | Modellering |
2 av 9