Læreplan i modellbyggjarfaget Vg3 / opplæring i bedrift (MOB3-01)
Utgått
Det gis ikke lenger opplæring etter læreplanen, men det kan være mulig å ta eksamen som privatist. Se informasjon om siste eksamen på fagkodene som er knyttet til læreplanen.
Etter Vg3
Modellframstilling
- planleggje arbeidet i tråd med spesifikasjonar og kundekrav
- velje og bruke maskiner og vedlikehalde desse
- velje og bruke materiale, verktøy og utstyr tilpassa arbeidsoppgåvene og grunngi vala sine
- velje og bruke måleverktøy
- teikne oppslag, setje deling på modell og bestemme slepp ut frå standardar
- vurdere utforming og dimensjonar på kjernar og utvisarar
- rekne ut krymp på grunnlag av støypelegering og spesifikasjonar
- vurdere behovet for arbeidsmonn ut frå teikningar og kundekrav
- rekne ut slepp på modell og kjernedor
- vurdere behov for endring av teikningar og modellar med tanke på forming og drøfte løysningar med oppdragsgivaren
- gjere greie for kva krav støyperia set til modellar
- overflatebehandle modellar, bruke fargesymbol og ta omsyn til slitasje
- tilpasse kjernekasser til skytemaskiner
- montere modell og løpssystem på plate
- programmere og klargjere CNC-maskiner og utstyr tilpassa produksjonsoppgåver
- velje skjereverktøy og skjeredata
- vurdere ulike metodar for effektiv og rasjonell framstilling av modellar
- bruke verneutstyr i tråd med gjeldande regelverk for helse, miljø og tryggleik
- vedlikehalde maskiner og utstyr i tråd med prosedyrar
Materialteknologi
- velje materiale i tråd med arbeidsoppgåver, spesifikasjonar og produksjonsutstyr
- gjere greie for materiale som blir nytta til modellbygging
- vurdere økonomiske konsekvensar av materialval
- velje og bruke tilverkingsteknikkar i tråd med materialval
- klargjere materialemne for styrte verktøymaskiner
- handtere materiale og avfall i tråd med reglane for helse, miljø og tryggleik i bedrifta
Dokumentasjon og kvalitet
- rekne ut toleransar etter teikningar og standardar
- tolke og forklare teikningar, teikningssymbol og målsetjingar
- registrere avvik og utføre avvikshandsaming i tråd med prosedyrar
- vurdere sitt eige arbeid i tråd med krav til effektivitet og lønnsemd
- handsame opplysningar frå kundar og oppdragsgivarar i tråd med fagetiske normer
- utføre sluttkontroll av arbeidsoppgåver
- utføre arbeid i tråd med system for helse, miljø og tryggleik og kvalitet
- bruke produkt- og HMS-datablad
6 av 7