Lyddesign
Lydproduksjon
Mål for opplæringen er at eleven skal kunne- planleggje, gjennomføre, vurdere, dokumentere og publisere ulike typar lydproduksjonar i ulike sjangrar og tilpassa ulike medium
- gjere lydopptak i ulike akustiske miljø og drøfte val av mikrofonar
- gjere opptak av og grunngi val av effektlydar og kontentum til medieproduksjonar
- bruke fagterminologi, verktøy og programvare for opptak, redigering, miksing og mastring av lyd
- gjere greie for, drøfte og bruke ulike filformat for lyd
- gjere greie for, drøfte og bruke ulike publiseringskanalar for lyd
Lyddesign
Mål for opplæringen er at eleven skal kunne- utforske, bruke og drøfte forteljarteknikkar og dramaturgi i eigne og andre sine lyduttrykk
- bruke og drøfte eigne og andre sine lyduttrykk i ein uttrykkshistorisk samanheng
- gjere greie for, drøfte og bruke etiske normer og gjeldande regelverk i eigne og andre sine lydproduksjonar
- bruke fagterminologi i beskriving og vurdering av eigne og andre sine lydproduksjonar
- bruke og vurdere ulike effektar og teknikkar i redigeringa for å forsterke ein bodskap
- beskrive og tolke innhaldet i lydproduksjonar og gjere greie for den påverknaden lyd har
Side 7 Av 8