Programområde for overflateteknikk - Læreplan felles programfag Vg2 (OFT2-02)
Utgått
Denne læreplanen har utgått.
Produksjon
Produksjon
- gjere greie for og utføre arbeid i samsvar med lover, forskrifter og standardar
- planleggje, utføre, dokumentere og vurdere eige arbeid
- kontrollere og vurdere underlaget og påvise synlege feil eller manglar
- rapportere avvik og utbetre feil og manglar
- vurdere behov for og utføre overflatebehandling på organiske, mineralske og metalliske underlag
- vurdere behov for og utføre regelmessig og periodisk vedlikehald ut frå eigenskapane, tilstanden, og bruksområdet til overflata
- velje ut, handtere og oppbevare materiale
- velje ut, bruke og halde ved like verktøy, maskiner og utstyr
- bruke fargesystem i samband med fargesetjing av overflater
- gjere berekningar omkring behandling av overflater
- arbeide på ein økonomisk og rasjonell måte
- utføre arbeid i samsvar med krav til helse, miljø og tryggleik
- bruke verne- og tryggleiksutstyr
7 av 9