Læreplan i resepsjonsfaget Vg3 / opplæring i bedrift (RES3-01)
Utgått
Det gis ikke lenger opplæring etter læreplanen, men det kan være mulig å ta eksamen som privatist. Se informasjon om siste eksamen på fagkodene som er knyttet til læreplanen.
Etter Vg3
Vertskapsrolla
- utføre service i vertskapsrolla og tilpasse kommunikasjon, åtferd og klesdrakt i møte med gjester
- kommunisere munnleg og skriftleg med gjestene, også på engelsk
- bruke enkle formuleringar på eit anna framandspråk enn engelsk i møte med gjestene
- gjere greie for og følgje gjeldande regelverk og tryggingsrutinar i verksemda ved brann, ran og tjuveri og ved behov for førstehjelp
- velje ut og bruke ulike verkemiddel i formidlinga av tenestene til verksemda og destinasjonen
- formidle informasjon om lokale og nasjonale attraksjonar
- gjere greie for historia til verksemda og kva organisering, mål, strategi og forretningsidé verksemda har, og bruke dette i vertskapsrolla
- koordinere interne og eksterne aktørar rundt opphaldet til gjesten
Sal
- planleggje og gjennomføre sal, meirsal og gjensal gjennom framsyning og presentasjon av produkt og tenester og tilpassing til dei behova gjestene har, og krava til lønnsemd i verksemda
- utarbeide salsbrev og anna kommunikasjonsmateriell
- handsame klager i tråd med gjeldande regelverk
- kommunisere skriftleg med gjester og eksterne salskanalar
- bruke reservasjons- og kundeoppfølgingssystema i verksemda i salsarbeidet
- vurdere kundegrunnlaget til verksemda og gjere greie for kva kjede- og firmaavtalar ho har
- arbeide etter etiske retningslinjer og gjeldande regelverk for sal og marknadsføring
- vurdere kapasitet og prissetjing i verksemda i samsvar med dei krava verksemda set til lønnsemd
Drift
- planleggje og utføre daglege driftsoppgåver i resepsjonen i samsvar med rutinane i verksemda og gjeldande regelverk for helse, miljø og tryggleik og ut frå omsyn til miljøet
- planleggje, klargjere, gjennomføre og evaluere dei oppgåvene verksemda har ved arrangement
- planleggje og utføre daglege arbeidsoppgåver og rutinar i husøkonomavdelinga
- servere mat og drikke etter gjeldande regelverk
- gjere greie for organisering av verksemda og sin eigen arbeidsplass og si eiga rolle i verksemda
- hente inn, rekne ut og analysere nøkkeltala i overnattingsavdelinga
- vurdere korleis ulike faktorar påverkar lønnsemda i verksemda
- drøfte samanhengar mellom internt arbeidsmiljø, produktivitet og kvalitet på reiselivsproduktet
- bruke reservasjons- og kundeoppfølgingssystem i verksemda til å gjere, endre, optimalisere og avbestille reservasjonar
- bruke kasse og betalingsterminalar, handtere kontantbehaldning, utføre oppgjersrutinar og gjere enkle valutaoverslag og kalkulasjonar
- bruke systema og rutinane i verksemda til å formidle informasjon mellom avdelingane
- rapportere statistikk etter gjeldande regelverk
- gjere greie for og arbeide i tråd med tryggingsrutinane i verksemda
- arbeide i samsvar med etiske verdiar, rutinar og gjeldande regelverk knytte til overnattingsverksemda
- vurdere korleis arbeidsplassen kan tilpassast ergonomisk, og utføre arbeidet på ein ergonomisk riktig måte
- arbeide etter regelverk og avtalar som regulerer arbeidsforhold i resepsjonsfaget, og gjere greie for dei pliktene og rettane som lærlingen, arbeidsgivaren og arbeidstakaren har
6 av 7