Læreplan i reiselivsfaget Vg3 / opplæring i bedrift (RLV3-01)
Utgått
Det gis ikke lenger opplæring etter læreplanen, men det kan være mulig å ta eksamen som privatist. Se informasjon om siste eksamen på fagkodene som er knyttet til læreplanen.
Etter Vg3
Service- og vertskapsrolla
- kommunisere munnleg og skriftleg med kundar og gjester, også på engelsk
- bruke enkle formuleringar på eit anna framandspråk enn engelsk i møte med kundar og gjester
- formidle produkt og tenester frå eiga verksemd og samarbeidande verksemder ut frå dei behova kunden har
- yte service og tilpasse kommunikasjon, åtferd og klesdrakt i møte med kundar og gjester med ulik kulturbakgrunn og nasjonalitet
- bruke ulike verkemiddel og hjelpemiddel ved formidling av aktivitetar og opplevingar i eiga verksemd og på destinasjonen
- planleggje og gjennomføre aktivitetar og opplevingar i det heilskaplege reiselivsproduktet
- formidle informasjon om turistattraksjonar og hovudtrekka i lokal og nasjonal kultur og historie
- bruke ulike informasjonskjelder og kvalitetssikre informasjon til bruk i service- og vertskapsrolla
- planleggje og gjennomføre reiselivsopplevingar etter gjeldande regelverk for helse, miljø og tryggleik og ut frå omsyn til miljøet og kulturelle verdiar
- formidle hovudtrekka i det heilskaplege reiselivsproduktet som verksemda inngår i
Sal og marknadsføring
- identifisere og skildre dei viktigaste målgruppene for verksemda og deira behov
- gjere greie for faktorar som kan påverke produktutviklinga i verksemda
- gjere greie for hovudtrekka i marknadsplanane til verksemda
- planleggje, utføre og dokumentere oppgåver i samsvar med aktivitetsplanane til verksemda
- vurdere, velje og bruke verkemiddel i marknadsføringa av dei produkta bedrifta har, i samsvar med behova i marknaden, profilen til bedrifta og gjeldande regelverk
- byggje, dokumentere og nytte kunderelasjonar i marknadsføringsarbeidet
- initiere, gjennomføre og avslutte sal og meirsal
- gjere greie for digitale tenester i verksemda og for utvikling av heimesida til verksemda
- opptre i samsvar med etiske normer for sal og marknadsføring
- bruke digitale hjelpemiddel ved sal og marknadsføring
- utforme salsbrev og anna kommunikasjonsmateriell
Drift
- fortelje om historia til verksemda, og gjere greie for mål, kjerneverksemd, satsingsområde, økonomi og organisering av verksemda
- gjere greie for sin eigen arbeidsplass og si eiga rolle i verksemda
- planleggje arbeidsdagen og utføre og vidareutvikle daglege rutinar i verksemda
- samarbeide med andre aktørar for å sikre at kunden får ei heilskapleg reiselivsoppleving
- vurdere korleis ulike faktorar kan påverke dei økonomiske resultata i verksemda
- bruke kasse og betalingsterminalar, handtere kontantsummar, utføre oppgjersrutinar og gjere enkle valutaoverslag og kalkulasjonar
- bruke kundehandteringssystema i verksemda ved bestillingar, endringar og avbestillingar
- føre statistikkar og utarbeide rapportar i samsvar med dei behova verksemda har, og med gjeldande lovverk
- bestille varer og tenester til verksemda
- vurdere korleis den tilsette og verksemda kan medverke til ei berekraftig utvikling i eiga verksemd og i samfunnet
- gjere greie for og arbeide i tråd gjeldande regelverk for reiselivsnæringa
- vurdere samanhengar mellom eige arbeid, internt arbeidsmiljø, lønnsemd i avdelinga og kvalitet på reiselivsproduktet
- gjere greie for og arbeide i tråd med rutinar i verksemda som skal sikre tryggleiken til dei tilsette og verdiane i verksemda
- arbeide etter regelverk og avtalar som regulerer arbeidsforhold i reiselivsfaget, og gjere greie for kva plikter og rettar arbeidsgivaren og arbeidstakaren har
6 av 7