Læreplan i sjømathandlarfaget Vg3 / opplæring i bedrift (SMH3-01)
Utgått
Det gis ikke lenger opplæring etter læreplanen, men det kan være mulig å ta eksamen som privatist. Se informasjon om siste eksamen på fagkodene som er knyttet til læreplanen.
Etter Vg3
Råstoff og produksjon
- planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere produksjon og sal av sjømat
- gjere greie for samanhengar mellom kvalitet og ulike fiske- og fangstmetodar
- utføre mottakskontroll
- vurdere kvaliteten på salsklare produkt og gjere greie for endringar som skjer med fisk og skaldyr under lagring
- reinse, filetere og dele opp ulike fiskeslag
- klargjere skaldyr for sal
- tilverke sjømat til ferdigretter og koke-, steikje-, grille-, bake- og eteklare retter
- produsere fiskefarse
- marinere, grave, salte og røykje fisk og annan sjømat
- gjere greie for forskjellen på villfanga fisk og oppdrettsfisk
- gjere greie for dei vanlegaste parasittane
- gjere greie for prinsippa ved frysing av sjømat
- behandle og utnytte biprodukt
Hygiene og kvalitetsstyring
- gjennomføre varemottak, produksjon, eksponering, emballering, merking og lagring av sjømat i tråd med gjeldande regelverk og kvalitetsstyringssystem
- følgje gjeldande krav til sporing og merking
- praktisere god personleg hygiene og produksjons- og næringsmiddelhygiene i samsvar med gjeldande regelverk og kvalitetsstyringssystem
- utføre reinhald og reinhaldskontrollar i samsvar med reinhaldsplanar
- gjere greie for inndelinga i hygienesoner og følgje gjeldande regelverk og rutinar for persontrafikk og vareflyt
- følgje rutinar for å kjempe mot insekt og andre skadedyr
- gjere greie for oppgåvene til ulike tilsynsstyresmakter og verkeområda i bedrifta
Økonomi, sal og marknad
- rekne ut produksjonskostnader ut frå reseptar og setje opp ein kalkyle
- eksponere råvarer og ferdigvarer
- gjere greie for korleis ulike sesongar påverkar tilgangen på råstoff og etterspørselen etter ulike produkt
- bruke kampanjeplanar, felles aktivitetar i bransjen og aktuelt materiell til kundeinformasjon
- yte profesjonell service og kundebehandling
- gjere greie for innhaldet i relevante nasjonale og internasjonale regelverk om kva rettar og plikter forbrukarane har, under dette reglar om klagerett
- gjere greie for forbrukarkrav til produktmerking og matvaretryggleik og gjeldande regelverk om dette
- gi kundane rettleiing om tilverking av råvarer ut frå lokale mattradisjonar og internasjonale trendar
- gjere greie for fangstmetode og historikk for dei ulike råvarene
- informere kunden om næringsinnhaldet i og samansetjinga av produkta og kva plass sjømatprodukta har i kosthaldet
- rettleie kundar som treng spesialkost
- gjere greie for prinsippa for intern og ekstern marknadsføring
- delta i produktutvikling
Bransje, bedrift og miljø
- drøfte utviklinga og organiseringa av bedrifta og kva rammevilkår og faktorar som kan påverke dei økonomiske resultata
- vurdere kva bransjen har å seie for samfunnet lokalt, nasjonalt og internasjonalt
- arbeide i samsvar med ergonomiske prinsipp
- bruke digitale verktøy i sjømathandlarfaget
- følgje regelverket for helse, miljø og tryggleik og rutinar for bruk av verneutstyr i bedrifta
- drøfte kva ansvar sjømathandlaren har for å verne om miljøet, og gjere greie for korleis dette kan gjennomførast i praksis
- ta hand om organisk avfall etter gjeldande regelverk og rutinar i bedrifta
- yte profesjonell service og kundebehandling
6 av 7