Læreplan i strikkefaget Vg3 / opplæring i bedrift (STR3-01)
Utgått
Det gis ikke lenger opplæring etter læreplanen, men det kan være mulig å ta eksamen som privatist. Se informasjon om siste eksamen på fagkodene som er knyttet til læreplanen.
Etter Vg3
Produksjon
- ta mål og bruke mønster og oppskrifter i strikkefaget
- bruke ulike teknikkar, verktøy og materiale i produksjon av ulike strikka produkt
- strikke og montere funksjonelle og dekorative detaljar på klede og andre tekstilprodukt
- planleggje og utføre strikking manuelt og maskinelt
- tilpasse klesplagg og tekstilar i samråd med kundar
- vurdere heilskap, balanse og snitt i strikka produkt
- montere, presse og forme strikka plagg og tekstilar
- gjere overslag over material- og tidsbruk og pris på eigne produkt og tenester
- bruke fagspråk i kommunikasjon med kundar og samarbeidspartnarar
- bruke digitale verktøy og annan teknologi i strikkefaget
- halde ved like utstyr, verktøy og maskiner
- presentere, dokumentere og vurdere eige arbeid i strikkefaget
- gjere greie for og følgje gjeldande regelverk for tekstilproduksjon
- gjere greie for og følgje gjeldande regelverk for helse, miljø og tryggleik i eige arbeid
Produktutvikling
- utvikle idear til produkt og tenester i strikkefaget
- utarbeide skisser, teikningar, arbeidsteikningar, mønster og oppskrifter
- beskrive oppbygning, eigenskapar og bruksområde for ulike materiale og vurdere kor eigna dei er for ulike strikkeprodukt
- eksperimentere med, beskrive og vurdere snitt, form, farge og materiale på ulike strikka produkt
- eksperimentere med, beskrive og vurdere mønstring, tekstur og struktur på ulike strikka produkt
- analysere, kopiere og rekonstruere ulike strikkeprodukt
- gjere greie for historie og særpreg, motar og trendar i strikkefaget og bruke dette i eige arbeid rettleie kundar og gi råd om materiale, fargar, snitt og mønster
- marknadsføre eigne produkt og tenester i strikkefaget
6 av 7