Læreplan i kroppsøving (KRO1-04)
Utgått
Denne læreplanen er utgått.
Kompetansemål etter 7. årssteget
Idrettsaktivitet
- utføre varierte aktivitetar og delta i leik som fremjar uthald, koordinasjon og anna kroppsleg utvikling
- utføre grunnleggjande teknikkar i svømming på magen, på ryggen, på sida, under vatn, og kunne berge seg sjølv i vatn
- praktisere trygg ferdsel og gjere risiko- og sikkerheitsvurderingar i, ved og på vatn under varierte vêrforhold
- følgje enkle reglar og prinsipp for samhandling og samspel og respektere resultata
- bruke grunnleggjande rørslemønster og teknikkar i nokre individuelle idrettar, nokre utvalde lagidrettar og i alternative rørsleaktivitetar
- praktisere ski- og skøyteteknikkar der det ligg til rette for det
- eksperimentere med kroppslege uttrykk og danse enkle dansar frå ulike kulturar
- praktisere trygg bruk av sykkel som framkomstmiddel
- forklare kvifor fysisk aktivitet er viktig kvar dag
Friluftsliv
- orientere seg ved hjelp av kart i kjent terreng
- fortelje om lokale friluftslivstradisjonar
- vere med i ulike friluftslivsaktivitetar og praktisere trygg ferdsel under varierte vêrtilhøve
- planleggje og gjennomføre overnattingstur
- praktisere nokre aktivitetar med røter i samisk tradisjon
- utføre enkel førstehjelp
7 av 12