Læreplan i grafisk design - valfritt programfag i utdanningsprogram for medium og kommunikasjon (MOK6-01)
Utgått
Denne læreplanen har utgått.
Grafisk design
Design
- utforme og vurdere grafisk design og illustrasjonar tilpassa medieprodukt, bodskap og målgruppe
- utarbeide og vurdere kreative og originale idear for å formidle visuelle bodskap
- bruke og drøfte fargar, typografi, layout, symbol og komposisjonsprinsipp som visuelle verkemiddel
- bruke grunnleggjande fagterminologi i vurderinga av eigne og andre sine grafiske produkt
- bruke tidlegare og samtidige visuelle uttrykk, som referansar i eigne medieprodukt og drøfte verknaden dette har på bodskapen
- forenkle og tydeliggjere bodskap ved å bruke visuelle framstillingar og grafikk, og grunngi eigne val
Produksjon
- planleggje, skissere, ferdigstille og presentere eigne grafiske produksjonar med avgrensa tidsfristar og økonomiske rammer
- velje og bruke typografi med eit korrekt skriftleg språk og høg lesbarheit i samsvar med medieprodukt, bodskap og målgruppe, og drøfte vala
- velje, bruke og vurdere format, materiale og filtypar for produksjon, lagring og distribusjon av grafiske produkt i samsvar med bransjefaglege standardar, etiske normer og gjeldande regelverk
7 av 8