Kunnskapsgrunnlag i engelsk
8. Kompetanse og vurdering i engelskfaget
8.1 Kjenneteikn på kompetanse
Læringsprosessar og utvikling av kompetanse i LK20 er karakterisert av integrering og heilskap (sjå del 2.4). Utviklinga av dei grunnleggande ferdigheitene står framleis sentralt i engelskfaget, og læreplanen inneheld framleis kompetansemål. Men i motsetnad til LK06 er kompetansemåla ikkje lenger delte inn i kategoriar. Engelskfaget er organisert ut frå kjerneelementa «kommunikasjon», «språklæring» og «møte med engelskspråklege tekstar», og det skal utviklast kompetanse knytt til dei tverrfaglege temaa «demokrati og medborgarskap» og «folkehelse og livsmeistring». Kompetanse i engelskfaget handlar også om djupnelæring og utvikling av evna til kritisk tenking. Kjenneteikna på kompetanse i engelskfaget må derfor vere knytte både til språklege og kommunikative ferdigheiter, til tolking og vidareformidling av tekstleg innhald, interkulturell forståing og medborgarskap, danning og refleksjon og til bruk av strategiar for eiga læring og utvikling. Nettsidene til Utdanningsdirektoratet inneheld kjenneteikn for måloppnåing i engelskfaget etter 10. trinn og etter Vg1 for studiespesialiserande og yrkesfaglege program: https://www.udir.no/laring-og-trivsel/lareplanverket/kjennetegn/kjennetegn-pa-maloppnaelse--engelsk/.
Opplæringslova gir alle elevar rett til undervegs- og sluttvurdering i kvart fag og til å kjenne kriteria kompetansen deira blir vurderte etter (forskrift til opplæringslova § 3-1). Nytt i LK20 er at læreplanen inneheld eigne avsnitt om vurdering i tilknyting til læreplanmål. Tekstane om vurdering omtaler kva elevane samla sett skal vurderast etter i undervegs- og sluttvurderinga. Under læreplanmåla for engelsk etter 4. trinn, for eksempel, heiter det:
Elevene viser og utvikler kompetanse i engelsk på 3. og 4. trinn når de leker, utforsker og deltar i muntlig, skriftlig og digital samhandling. Videre viser og utvikler elevene kompetanse når de videreformidler sine opplevelser av møter med det engelske språket og engelskspråklig kultur.
Læreplanen i fellesfaget engelsk har tekstar som definerer kva som skal gå inn i undervegsvurderinga etter 2., 4., 7. og 10. trinn i grunnskolen og etter Vg1 på studieførebuande og yrkesfaglege program. Kompetansemåla etter 10. trinn og Vg1 har også inkludert tekstar om kjenneteikn på kompetanse til støtte for standpunktvurderinga. Tekstane om vurdering har same overordna vekt for dei ulike trinna, men det er for eksempel ei gradvis dreiing mot at elevane skal kunne uttrykke seg meir og meir nyansert og målretta og bruke kjelder meir kritisk og formålstenleg.
I samband med skriftleg eksamen frå og med 10. trinn utarbeider og publiserer Utdanningsdirektoratet kjenneteikn på måloppnåing. Desse kjenneteikna er utforma slik at dei beskriv kva eleven kan, og er knytte til formuleringane i kompetansemåla om kva eleven skal kunne. Som nemnt over, har elevane ein lovfesta rett til å kjenne kriteria dei blir vurderte ut frå (forskrift til opplæringslova § 3-1). Lærarar lagar derfor liknande tabellar med kjenneteikn på måloppnåing også til vurderingssituasjonar gjennom skoleåret.
Oppsummering
Eit godt læremiddel
- konkretiserer måla i læreplanen tydeleg og eksplisitt, slik at det blir klart for eleven korleis arbeidet med tekstar, aktivitetar og oppgåver kan hjelpe dei til å utvikle kompetanse i engelskfaget
- omtaler ikkje berre kompetansemåla for det aktuelle trinnet, men relaterer arbeid med kompetanse i engelskfaget også til verdiar og prinsipp i den overordna delen av læreplanen, som å lære å lære, djupnelæring og kritisk tenking
- konkretiserer mål knytte til «demokrati og medborgarskap» og «folkehelse og livsmeistring»
8.2 Vurdering av kompetanse i engelsk
8.2.1 Eit heilskapleg syn på vurdering
Elevar får både undervegsvurdering og standpunktvurdering i engelskfaget. Undervegsvurderinga tar utgangspunkt i læringsmåla, ser på kor langt eleven har komme, og gir rettleiing i korleis han eller ho kan komme vidare i arbeidet med å nå måla i faget (Hattie & Timperley, 2007). Dette inneber mellom anna at eleven vurderer sin eigen bruk av læringsstrategiar og gjerne drøftar med lærarar og medelevar korleis ein kan ta i bruk meir effektive strategiar i læringsarbeidet. Standpunktvurderinga gir informasjon om kompetansen eleven har tileigna seg i løpet av ein viss periode, for eksempel etter 10. trinn eller Vg1. Når det gjeld standpunktvurdering, gjer den nye læreplanen det klart at «opplæring og vurdering ikke kan brytes ned til et oppstykket arbeid med det enkelte kompetansemål. Kompetansemålene må forstås i lys av formålsparagrafen og de øvrige delene av læreplanverket, og fagenes kompetansemål må ses i sammenheng med hverandre i og på tvers av fag» (modul 2.4.5 i kompetansepakken). Heilskapleg vurdering er med andre ord enda meir vektlagd i LK20 enn i tidlegare læreplanar.
Eit heilskapleg syn på vurdering inneber at vurderingsformene støttar og utfyller kvarandre. Slik er det for eksempel tenkt at nasjonale prøver i engelsk for elevar på 5. og 8. trinn skal fungere. Formålet med dei nasjonale prøvene er todelt: Dei skal skaffe kunnskap om ferdigheitene i engelsk, og «[i]nformasjonen frå prøvene skal danne grunnlag for undervegsvurdering og kvalitetsutvikling på alle nivå i skolesystemet» (www.udir.no). Her er det opp til skoleeigaren og kvar enkelt skole å bruke resultata frå dei nasjonale prøvene til drøftingar i profesjonsfellesskapen, for eksempel når det gjeld å vurdere eventuelle endringar i opplæringspraksisen.
I tillegg til nasjonale prøver har Utdanningsdirektoratet laga ei frivillig nasjonal kartleggingsprøve i engelsk for elevar på 3. trinn. Prøva har til hensikt å fange opp dei elevane som treng ekstra hjelp i løpet av dei første skoleåra (www.udir.no). Det finst fleire typar kartleggingar i engelsk, for eksempel kartleggingar til ulike læreverk laga av forlag og ulike testar som ligg på Internett, men det kan vere utfordrande for lærarar å vurdere kvaliteten på prøvene og kva dei ulike prøvene testar. Fleire lærarar og skolar uttrykker behov for eit større utval av normerte og pålitelege kartleggingsprøver i engelsk på fleire trinn i grunnskolen.
Ein nasjonal skriftleg eksamen i engelsk blir halden på 10. trinn og på Vg1. Eksamenen skal dekke eit breitt spekter av kompetansemål og legge til rette for at elevar som har brukt ulike læremiddel og læringsressursar i arbeidet med kompetansemåla, får vist kompetansen sin i engelsk. Forsking har avdekt visse mønster når det gjeld oppgåver og tekstproduksjon i samband med eksamen i engelskfaget. For eksempel fann Ørevik (2019) at dei fleste langsvarsoppgåvene til eksamen på Vg1 i LK06 inviterte til å skrive utgreiande/forklarande (expository) eller argumenterande tekstar, medan narrative tekstar for ein stor del var fråverande. Jakobsen (2019) observerte at eksamenssetta i engelsk for ungdomstrinnet inneheldt rikhaldige multimodale tekstar til lesing og inspirasjon, men i liten grad gav elevane høve til å inkludere andre element enn skriftspråk i tekstane dei skulle produsere. Dette kan til dels forklarast med innarbeidde tradisjonar i undervisnings- og vurderingspraksis i engelskfaget. Bakkens (2018) studie tyder på at tradisjonar står sterkt i undervisningspraksisen til lærarar, sjølv under læreplanar med metodefridom, og det er grunn til å tru at dette også gjeld oppfatningar om korleis ein eksamenstekst skal utformast. For at lærarar og elevar skal kunne gjere meir bruk av ulike modalitetar i tekstskaping også i eksamenssituasjonar, må eksamens- og vurderingsrettleiingane omtale dette eksplisitt og konkret. Eksamensordninga for engelskfaget er no under revisjon, og det er venta at det blir opna for større grad av multimodalitet i eksamenstekstane under LK20.
Retten til å kjenne vurderingskriteria fører med seg at alle testar og vurderingssituasjonar må gjere det som skal målast (test-konstruktet), eksplisitt for elevane. Det inneber også at læringsmål og vurderingskriterium må konkretiserast og eksemplifiserast, slik at dei blir konkrete for elevane når det gjeld både vurdering av eksamen og standpunkt- og undervegsvurdering. Forsking viser at undervegsvurdering ikkje alltid fungerer etter intensjonen, mellom anna fordi elevar ofte ikkje skjønner korleis dei skal gå fram for å følge råda læraren gir (Burner, 2016). Derfor er det er ein fordel at elevane jamleg får høve til å diskutere og konkretisere vurderingskriterium og gjerne delta i utforminga av desse. Dette kan gjerast i samband med at dei løyser oppgåver, gir kvarandre tilbakemelding på tekstutkast og vurderer kvarandres tekstar og framføringar (peer assessment). Her kan læremiddel spele ei viktig rolle i å legge til rette for at elevane utviklar vurderingskompetanse og refleksjon rundt læring.
8.2.2 Undervegsvurdering gjennom tre fasar
Udir har utvikla ein kompetansepakke for innføringa av den nye læreplanen. Pakken har ein eigen modul om vurdering. Undervegsvurdering er gitt ein enda større og meir sentral plass i LK20 enn i LK06, med mindre vekt på summativ vurdering ut frå tradisjonelle vurderingssituasjonar (prøver). Undervegsvurderinga er delt inn i tre fasar som skal repeterast kontinuerleg:
- Å følge med og fange opp kompetanse
- Å kommunisere om progresjon
- Å planlegge vidare læring
Læraren kan ikkje gjennomføre nokon fasar utan eleven, men eleven kan gjennomføre fasane på eiga hand eller i samarbeid med medelevar.
I fase 1 blir det framheva at viktige sider ved kompetansen til eleven kan fangast opp kvar dag, av både læraren og eleven. Derfor er det sjeldan nødvendig å rigge opp til eigne vurderingssituasjonar. Prøveplanar med hyppige arrangerte vurderingssituasjonar kan hindre elevane i å få ein optimal langsiktig progresjon i faget. Det kan lett danne seg ei forståing av at elevane må arbeide intenst rett før ei prøve, og at det er prøveresultata som «tel». I staden ønsker ein ei meir kontinuerleg, jamn og heilskapleg form for vurdering. Mange læringsaktivitetar endar opp i ferdige produkt, for eksempel ein tekst som kan seie noko om kompetansen. Prosessen fram mot produktet og dei refleksjonane eleven gjer seg rundt prosessen og produktet, seier også noko om kompetansen. Det er viktig at eleven meistrar utfordringar og løyser oppgåver i reelle situasjonar, ettersom kompetanse handlar om å tileigne seg og bruke kunnskapar og ferdigheiter til å meistre utfordringar og løyse oppgåver i kjende og ukjende situasjonar. Dermed blir dei «vanlege» timane, der eleven får prøvd seg i reelle situasjonar, viktigast for å følge med på utviklinga av kompetanse hos eleven.
I fase 2 er det viktig å framheve det eleven får til, og ikkje peike på manglande meistring. Læraren må vise eleven samanhengen mellom høg innsats og progresjon. Det vil vere lite nyttig å rose elevar for progresjon dersom dei har anstrengt seg lite. Her må ein sjølvsagt ta utgangspunkt i føresetnadene til eleven. Elevane må ikkje samanliknast med kvarandre, men med seg sjølve, slik at ein ser etter progresjon ut frå det eleven har oppnådd på eit tidlegare stadium, samanlikna med no. Vidare må kompetansen beskrivast konkret og kvalitativt, ikkje ut frå kor mange kompetansemål eleven har oppnådd. Dette heng også saman med at det i faga skal leggast større vekt på den overordna delen, relevans og sentrale verdiar, og kjerneelementa i faget.
I fase 3 blir det framheva at tidspunktet ein gir tilbakemelding på, er viktig. Eleven bør heller få tilbakemelding på eit utkast enn på eit sluttprodukt. Når læraren formulerer undervegsvurderinga, bør ho heller seie «Dette får du ikkje til enno» enn «Dette fekk du ikkje til». Læraren skal vere støttespelar for eleven, men eleven skal vere den mest aktive i planlegginga av den vidare læringa.
Burner (2016, 2019) fann i ein intervensjonsstudie at elevane involverte seg sterkare i vurderingsprosessen ved innføringa av mappevurdering. Ungdomsskoleelevar samla over tid tekstar dei produserte i engelskfaget, reflekterte over dei, arbeidde med tilbakemeldingane dei fekk på tekstane, og gjorde mot slutten av perioden sjølve eit utval av tekstar som danna grunnlaget for standpunktvurderinga. Dette er eit eksempel på praksisar som kan fremme eigarskap og engasjement hos elevane for eigen progresjon i engelskfaget og for refleksjon over eiga læring.
Prinsippa for vurdering som er nemnde her, må reflekterast i opplæringa og dermed få konsekvensar for læremidla. Det er viktig at både lærarar og læremiddel støttar elevane i å reflektere rundt måla for læringsarbeidet, sjølve læringsprosessen og korleis eventuelle sluttprodukt reflekterer måloppnåing og kompetanse. Elevane treng også å få høve til å diskutere kva kunnskapar og ferdigheiter dei kan bruke i møte med kjende og ukjende situasjonar.
I avsnitta om undervegsvurdering i tilknyting til læreplanmål er det presisert på kva måtar elevane viser kompetanse etter dei ulike trinna i opplæringa, der kompetansen er beskriven stadig meir presist etter kvart som elevane blir eldre. Når det gjeld undervegsvurderinga, som skal hjelpe elevane å utvikle kompetansen sin, er elevmedverknad og eigenvurdering eit sentralt element på alle trinn i grunnskolen og på Vg1. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få høve til å sette ord på kva dei opplever at dei får til, og kva dei får til betre enn tidlegare. Dette kan ein sjå i samanheng med at elevane skal få oppleve at det å prøve seg fram aleine og saman med andre er ein del av det å lære seg eit nytt språk. Å prøve seg fram og vurdere korleis det gjekk, er ein viktig del av vurderinga for læring fordi ein da kan endre på det ein treng å gjere annleis for å utvikle seg.
Læraren har ansvar for at eleven får læringsfremmande undervegsvurdering i faget. Dette inneber at læraren må konkretisere måla for faget, slik at dei blir tydelege og forståelege for elevane. Det må vere ein kontinuerleg dialog mellom læraren og kvar enkelt elev om kor langt eleven har komme i forhold til måla for faget, og korleis han/ho kan arbeide vidare for å nå måla i større grad. For å utvikle seg vidare i faget treng eleven støtte til å vurdere og reflektere over kompetansen sin, og både læraren, medelevane og læremidla kan bidra med slik støtte. Undervegsvurderinga må vere integrert i det daglege arbeidet med engelskfaget, slik at kvar enkelt elev kan dra nytte av rettleiinga til å utvikle grunnleggande ferdigheiter og kompetanse gjennom kommunikasjon, språklæring og møte med engelskspråklege tekstar.
Oppsummering
Eit godt læremiddel
- støttar læraren og eleven i å fange opp kompetansen i det daglege arbeidet
- hjelper elevane med å reflektere rundt og vurdere læringsprosessar og eventuelle sluttprodukt
- hjelper elevane med å reflektere rundt bruken av læringsstrategiar og planlegge for vidare læring