Tilstandsrapport

Ein tilstandsrapport kan vere eit godt verktøy for arbeidet med kvalitet i grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa.

Frå 1. august 2024 er det ikkje lenger eit krav om at skoleeigarar må utarbeide ein årleg rapport om tilstanden i opplæringa.

Kommunen og fylkeskommunen skal arbeide for å halde ved lag og heve kvaliteten i grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa. Kommunestyret og fylkestinget skal minst éin gong i året få informasjon om læringsmiljøet, læringsresultata og gjennomføringa til elevane i opplæringa. Vår mal for tilstandsrapport er fortsatt tilgjengelig og kan brukast til dette formålet.

Kva er ein tilstandsrapport?

Ein tilstandsrapport kan innehalde både tal og forteljingar. Innhaldet er ei analyse av tilstanden i grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa, og viser korleis skoleeigar vurderer læringsmiljøet, læringsresultata og gjennomføringa til elevane.

Regelverk

Opplæringsloven § 13-3e. Plikt for kommunen og fylkeskommunen til å arbeide med kvalitetsutvikling – gjelder til 1. august 2024.

Fra 1. august 2024: Opplæringsloven § 17-12